Næringsliv | 09. sep. 2021

Sjukefråværet i Vestland auka i andre kvartal

2 av 10 er sjukmeldt grunna psykiske plager, 4 av 10 grunna problem med musklar eller skjelett.

Sjukefråværet i Vestland auka i andre kvartal
Nav-kontoret i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. sep. 2021 08:38

I andre kvartal 2021 var det legemeldte sjukefråværet i Vestland 5,5 prosent. Det er ein auke på om lag 8 prosent frå same periode i fjor.

Det legemeldte sjukefråværet i Vestland er litt høgare enn snittet for heile landet, som er på 5,3 prosent.

Sjukefråværet steig merkbart våren 2020 i samband med nedstenging og andre smitteverntiltak.

Etter nedgang førre kvartal, syner ferske tal frå NAV at sjukefråværet no har auka att.

– Sjukefråværet har svinga gjennom heile koronapandemien. Slik sett er det vanskeleg å seie så mykje om kva vi forventar i fortsettinga, men vi håper jo at sjukefråværet går ned etter kvart som samfunnet går tilbake til normaltilstand, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.

Høgast fråvær innan helse- og sosial

Bergen er mellom kommunane med auke i sjukefråværet og ligg på 5,2 prosent i andre kvartal 2021.

Det er høgast fråvær innan helse- og sosialsektoren med 8,4 prosent, og som førre månad er det størst auke i sjukefråværet innan bergverksdrift og utvinning og undervisning.

– Tilsette i skule og barnehage har vore utsette for smitte i jobben, og hatt krevjande arbeidssituasjonar. Det kan ha bidrege til auken i sjukefråværet for dei som jobbar innan undervisning, seier Bogsnes.

Fakta om sjukefråværet i Vestland

Alder: Høgast fråvær i gruppa 60–69 år (6,7 prosent), og lågast i dei yngste aldersgruppene.

Kommunar:

Høgast fråvær i Eidfjord (7,7 prosent) og Fedje (7,5 prosent)

Lågast fråvær i Aurland (2,3 prosent) og Høyanger (4,0 prosent)

Årsaker:

Muskel- og skjelettplager er årsak til nær 38 prosent av dei tapte dagsverka.

Deretter kjem psykiske plager med 22 prosent.

Luftvegsplager er nede på 5 prosent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.