Skadd i slåsskamp
Ambulansen henta i natt ein mann med hovudskade etter slåsskamp i Os sentrum.


Ein mann i 20-åra blei i natt slått ned i Os sentrum. Politiet rykte ut og rekvirerte kl 01.30 ambulanse for å få mannen til legevakt.
- Mistenkte, som også er i 20-åra, er tatt med til overnatting i arresten, fortel operasjonsleiar Konrad Grindeland.
- Det var ein del bråk i Os i natt, legg han til.
Henta pasient
Tidlegare på kvelden, klokka 21.10, rykte politiet ut til Os legevakt.
- Ein pasient oppførte seg slik at han blei henta og plassert i kjellaren her hos meg over natta, seier Grindeland.
Tulleslåssing på Søfteland
Politiet var også ute på melding om slåssing på skuleplassen på Søfteland laurdag kveld.
- Dette viste seg å vera tulleslåssing. Ungdomane hadde til og med filma det, så dei la fram bevis på staden. Dei innrømte samstundes at skuleplassen, som ligg rett ved vegen, ikkje var beste plassen for skodespel, seier politiet.
Brenning av post?
Nokon skal ha brent papir, kanskje post, i Borgavegen i natt. Politiet var opptatt då meldinga kom inn, og fann ingen då dei kom seg til staden.