Lokal | 24. okt. 2017

Skal bygga og leia Bjørnafjorden kommune

– Vi har det travelt, 2020 er ikkje langt unna, seier Nils Petter Borge og Christian F. Fotland.

Skal bygga og leia Bjørnafjorden kommune
Nils Petter Borge (t.v.) og Christian F. Fotland. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 24. okt. 2017 20:25

Politikarane i Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune har tilsett Christian F. Fotland og Nils Petter Borge som rådmann og assisterande rådmann i den nye kommunen.

Os og Fusa er éin kommune frå 1. januar 2020. Fram til då har dei to oppdraget med å få dei to kommunane Os og Fusa til å smelta saman på ein mest mogleg saumlaus måte, og å få alle system og tilsette til å fungera saman.

• Les òg: Bjørnafjorden kommune i tal

– Vi har det travelt. 1. januar 2020 er ikkje langt unna og det er mykje som skal på plass, men stemninga er god. Dette skal vi klara, forsikrar dei to når Midtsiden møter dei på kommunetunet i Eikelandsosen.

Minst 50 delprosjekt

I tillegg til å få det store overordna prosjektet på plass, er det mange større og mindre delprosjekt som skal losast trygt i hamn. Minst 50 delprosjekt er på trappene.

– Det er ulike prosjekt innan oppvekst, helse og samfunnsutvikling. På ein del område er vi ulike, på andre er vi meir like. Vi skal sørgja for at prosessane flyt godt og vi har flinke folk med oss.

– Samstundes så skal dei tilsette i både Os og Fusa takast godt vare på og oppleva tryggleik.

– Det er naturleg at mange blir usikre i ein omstillingsprosess som dette, men over 90 % av dei tilsette vil framleis ha dei same oppgåvene og den same sjefen som dei har i dag.

– På sikt kan det sjølvsagt bli nokre endringar, men vi håper vi klarer å skapa ein så stor grad av tryggleik i organisasjonen, saman med politikarane og dei tillitsvalde, at dei tilsette ser moglegheiter for nye, spennande oppgåver og gler seg til desse, i staden for å føle frykt.

Meir digitalt

For dei to i prosjektleiinga speler det inga rolle om innbyggjarane bur i Søre Øyane eller på Holdhus, dei skal oppleva den same gode servicen frå kommunen.

– Innbyggjarane er veldig viktige. Dei skal ha tillit til at tenestetilbodet blir minst like bra som i dag, og det skal det bli.

– Ambisjonane er høge. Vi ønskjer at mykje av ting som i dag er manuelt skal bli digitalisert og automatisert. Innbyggjarane skal sleppa å gå på kommunehuset på Osøyro eller Eikelandsosen, men få moglegheiten til å gjera ting heimefrå, anten det er ein byggjesak eller spørsmål om barnehageplass.

– På ein del områder er vi godt i gang, på andre står det eit noko større utviklingsarbeid framfor oss. Vi må legga opp til sjølvbetjeningsløysingar og nytta oss av den robot-teknologien som allereie finst for å automatisera standardiserte oppgåver. Når bankane kan innvilga bustadlån via nettet på 20 sekund, så må vi kunne gje svar på om du får barnehageplass eller lov til å setja opp ein garasje omtrent like raskt.

Tar det beste frå kvar

Tenesteutvikling, kvalitet og lik handsaming i begge kommunane står sentralt i arbeidet.

– Både Fusa og Os er veldig gode på veldig mykje, men kanskje på ulike ting. Gjennom arbeidet skal vi heva kvaliteten til det beste frå kvar av kommunane innan dei økonomiske rammene vi har tilgjengeleg.

– Vi skal investera mykje, samstundes seier intensjonsavtalen at eigedomsskatten i Fusa skal fjernast. Vi må òg harmonisera lønsnivået i dei to kommunane over litt tid. Det er ikkje tvil om at vi framleis kjem til å oppleva press på økonomien, samstundes som kommunane stadig får større og fleire oppgåver frå Staten og fleire og fleire innbyggjarar.

– Vi gler oss til arbeidet dei neste to åra og er sikre på at innbyggjarane i framtida skal få gode tenester, avsluttar Fotland og Borge.

• Midtsiden samleside: Bjørnafjorden kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.