Næringsliv | 28. sep. 2022

Skal dela ut 300.000 - i fjor var det 20 søkjarar

Bjørnafjorden Næringsråd oppfordrar fleire å søkja Fjordfondet: – Det verste som kan skje er at du får 100.000 kroner.

Skal dela ut 300.000 - i fjor var det 20 søkjarar
FJORDFONDET: Søknadsfrist for å søkje Fjordfondet er 30 september. Foto: Eirin Eriksen Horvei.
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveionsdag 28. sep. 2022 19:45

Bjørnafjorden Næringsråd er ein frittstående medlemsorganisasjon som jobbar for å fremma næringslivets interesser i Bjørnafjorden kommune.

Sidan 2019 har dei forvalta Fjordfondet og delt ut gåvemidlar frå Sparebanken Vest.

Fondet er ei støtteordning mynta på næringslivet i kommunen.

– Det er veldig positivt at vi har ein bank som legg til rette for verdiskaping. Dei er med å løfta næringslivet, seier Synnøve Reksten Mowinckel, dagleg leiar i Bjørnafjorden næringsråd.

Verdiskaping i næringslivet

Mowinckel ser utfordringane næringslivet står overfor i dag.

Høge utgifter, prisar, nye behov og mangel på arbeidskraft.

Kanskje det er litt vanskeleg å løfta blikket med tanke på desse utfordringane.

– Difor er det så viktig for meg, og endå større grunn for å dela ut denne prisen.

Ho oppfordrar bedrifter og prosjekt å søkja på Fjordfondet.

– Kven som helst kan søkja. Så lenge det skapar og bidrar til næringslivet i kommunen. Det spelar inga rolle om kor du er i prosjektfasen.

Så om du har ei bedrift eller eit prosjekt som kan vera med på verdiskaping i kommunen kan du søkja, uansett om du er i sluttfasen eller starten av prosjektet.

– Moglegheitene er store!

OPPFORDRAR: Bjørnafjorden næringsråd oppfordrar store og små bedrifter å søkje på Fjordfondet. Foto: Eirin Eriksen Horvei.
OPPFORDRAR: Bjørnafjorden næringsråd oppfordrar store og små bedrifter å søkje på Fjordfondet. Foto: Eirin Eriksen Horvei.

Stor variasjon blant søkjarane

– Berre sjå på i fjor, seier Mowinckel.

Då vann Oselvarverkstaden, Aquabio og Eidegrend Klyngjetun.

Oselvarverkstaden utviklar ein digital, læringsplattform som tar i bruk VR-teknologi for å formidla meir enn 1000 år med båtbyggertradisjon på Vestlandet.

Aquabio er eit bærekraftig grønt selskap som bidrar til økt forteneste og betre fiskevelferd gjennom sanntidsovervaking av laks og ørret i oppdrett.

Og Eidegrend Klyngjetun som driv med vidareutvikling av klyngjetunet og tilrettelegging for fleire gjestar og tilbod.

Alle tre er så ulike, men alle bidrar til verdiskaping forklarar Mowinckel.

Vil du spela oselvar? Bli med på alt frå hogst til kapproing når den viruelle verda er ferdig bygd. (Ill.: Picapoint)
Les ògMillionsatsing: Skaper eit digitalt oselvar-univers

– I fjor var det litt gøy. Vi kan eigentleg seia at vi hadde fire vinnarar her i Bjørnafjorden. Då fekk 2Stabilise, ei bedrift med lokale på Ågotnes og på Os, utdelt pris frå Stormfondet av Vest næringsråd. Det var eit samarbeid mellom SPV, Vest Næringsråd og Bjørnafjorden næringsråd.

2Stabilise ønskjer å utvikla og lansera kaifendarar i polyuretan, som erstatning for miljøfiendtlege bildekk.

Dei raude, loddrette fenderane i Os gjestehamn er testprodukt frå 2Stabilise. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògOljeutstyrsfirma frå Os vann miljøpris i Øygarden

Snart søknadsfrist

I snitt har Fjordfondet hatt 20 søkjarar i året.

Om du vil vera ein av søkjarane i år, må du sende søknaden innan fredag 30. september 2022.

Tildelinga skjer på Bjørnafjordkonferansen fredag 28. oktober.

– Dette er ei unik moglegheit for å få pengar til i eit prosjekt du slit å finna midlar til. Dette er eit lavterskel tilbod meint for å hjelpa fram gode idear, seier Mowinckel.

Les meir om korleis du kan søkje på Fjordfondet på Bjørnafjorden næringsråd sine nettsider.

Fjordfondkonferansen

Fredag 28. oktober er det tett program i Oseana.

Årets konferansier er programleiar, DJ og rappar Christine Dancke frå Vrang Produksjon AS.

Kristin Aadland frå Os, som er konserndirektør i avdelinga Entreprenør & Marked i Eviny, er blant foredragshaldarane.

Her er alle som skal på scenen på Bjørnafjordkonferansen 2022:

  • Konferansier: Christine Dancke, Vrang Produksjon AS.
  • Tor Haugnes. Lærar, historikar, økonom og edutainer
  • Robin Dale Oen. Grunnleggar, Dale Oen Experience
  • Tormod Vågenes. Investeringsdirektør, Holberg Fondene
  • Bjørn Maaseide. Medeigar, Interpadel
  • Daniel Thu. Markedsførings-ansvarleg, Interpadel
  • Kristin Aadland, konserndirektør, Entreprenør & Marked, Eviny
  • Lisbeth Iversen. Leiar av Med Hjerte for Arendal-nettverket, og Offentlig PhD kandidat/AHO
  • Remy Bilsback. Senior rente- og valutameklar, Sparebanken Vest
  • Alf Sognefest. Dagleg leiar, Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS
  • Dag Jarle Aksnes, Styreleiar, Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.