Delar av den 5 km lange ferjekøen som oppsto fredag før pinse i 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Skal du til Halhjem i ettermiddag?

Torghatten trur trafikken vil flyta betre enn før på årets travlaste dag på Halhjemsvegen. 

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

435 lag er påmeldt Handballfestivalen på Stord i helga. Når fleire tusen av deltakarane skal frå fastlandet til øya i sør, saman med pinseutfarten, har det dei siste åra blitt kø heilt til Ulvenvatnet store delar av ettermiddagen.

I 2017 starta det å bygga seg opp klokka 15.30, i 17.30-tida passerte køen Lepsøykrysset, klokka 20.20 var trafikken tilbake til normalen.

• Hamnar du i kø i ettermiddag? Send informasjon og bilde til tips@midtsiden.no

I tillegg til rundt 5 km lang kø frå Halhjem har det vore kø frå rundkøyringa ved UnoX og Meny i Industrivegen til Søfteland.

Det gjer at bilistane, både dei som skal til Stord, dei som skal til Våge på Tysnes og dei som har andre ærend på Søre Neset bør rekna ekstra god tid om dei skal køyra sørover på Halhjemsvegen i ettermiddag.

Kjenner historikken

Driftsjef på sambandet Halhjem-Sandvikvåg, Fredrik Moe frå Torghatten Nord AS, seier han kjenner til historikken til fredag før pinse i Os.

– Mange av våre tilsette jobba tidlegare hos Fjord1, og har vore med på dette før.

– Korleis har de førebudd mannskap og utstyr på den travle ettermiddagen som kjem?

– Vi kjenner til det, og vil følgja nøye med, men trur det vil gå betre i år enn tidlegare år, seier Moe.

To årsaker til at trafikken kan flyta betre i år

Moe nemner to årsaker til at han reknar med at trafikken vil gå betre i år enn tidlegare;

• 1. januar, same dag som Torghatten overtok sambandet, blei det innført autopass på ferjekaien.

• Frekvensen har auka etter at Torghatten overtok.

– Etter at vi overtok auka vi frå 3 til 4 ferjer. Det skjer mykje med eit samband når du set inn ei ekstra ferje. No har vi avgang kvart 25. minutt.

– I tillegg har vi Fanafjord i reserve. Det nærmar seg overtaking av den siste av dei fem nye ferjene, så neste år vil det bli endå større kapasitet.

Etter ulike utfordringar med innleigde ferjer i starten på året skildrar Moe drifta som stabil og god no når dei første nye ferjene er på plass.

– Vi har heldigvis hatt få «barnesjukdomar» på dei nye ferjene.

Lensmann Oddbjørn Dyrdal seier dei vil ha dialog med ferjesambandet utover ettermiddagen, og at dei i tillegg har UP som aktuell samarbeidspart ved behov.

Fleire saker