Fritid | 24. sep. 2015

Skal du til Tyskland?

Då må du hugsa å ta med passet.

Skal du til Tyskland?
Passmaskina på Os lensmannskontor. (Foto: Andris Hamre).
Kari M. Lyssandtorsdag 24. sep. 2015 09:41

I samband med dei store tilstrøymingane av asylsøkjarar og andre migrantar nordover i Europa, har enkelte europeiske land valt å gjeninnføra grensekontroll på indre Schengengrenser.

– Landa opplyser at dette er nødvendig for å forebygga ein ytterlegare alvorleg trussel mot offentleg orden og sikkerheit, og for å sikra at myndigheitene har best muleg kontroll med situasjonen i landet, skriv politidirektoratet i ei pressemelding.

Til no har desse landa gjeninnført indre grensekontroll:

  • Tyskland gjeninnførte grensekontroll på indre Schengengrenser frå 13. september, primært på landgrensa mot Østerrike.
  • Østerrike gjeninnførte grensekontroll på indre Schengengrenser frå 16. september, primært på landgrensa mot Ungarn, men også på landgrensa mot Italia, Slovenia og Slovakia.
  • Slovenia gjeninnførte grensekontroll på indre Schengengrenser frå 17. september, primært på landgrensa mot Ungarn.

Ta med gyldig pass

Avhengig av korleis situasjonen utviklar seg, etteretning og anna så kan det bli aktuelt med kontroll også på andre grensestrekningar.

– Omfanget av kontrollaktiviteten vil vera begrensa til kva som blir sett på som nødvendig for å ivareta sikkerheita.

Direktoratet kan ikkje utelukka at fleire europeiske land i tida framover vil gjeninføra grensekontroll på indre Schenengrenser, med relativt kort varsel.

– Reisande må difor hugsa på å ha med gyldig pass og reisedokument, og vera førebudd på at dei kan bli stansa i personkontroll på reiser i Europa i ein periode framover.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.