Lokal | 03. feb. 2017
Skal fiksa brua
Fylkesveg 137 gjennom Os og Samnanger blir stengd delar av neste veke.
Andris Hamrefredag 03. feb. 2017 14:15
I februar 2015 fekk den fire meter lange Rolvsvågbrua i Samnanger skade etter at fyllmasse kring stålrøyret lak ut under flaum i bekken under brua.
Som ein mellombels løysing monterte vegvesenet ei ni meter lang stålbru. Denne skal no erstattast av ei permanent løysing og då må dei stengje vegen medan arbeidet pågår.
– Fv. 137 vil vera stengd ved Rolvsvågbrua frå onsdag 8. februar kl. 0000 til søndag 12. februar kl. 2400, heiter det i varselet frå Statens Vegvesen.
Skal du austover i slutten av neste veke må du altså køyre om Nesttun og Arna.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.