Skal greia ut skule-tomter
Fylkesmannen opnar for alternative plasseringar for skule austom elva.
I samband med at kommunen planlegg ei ny skule austom elva har ordføraren og representantar frå administrasjonen vore i møte med fylkesmannen.
– Det var eit positivt møte.
– Vi fekk klarsignal frå fylkesmannen til å gå i gang med ei konsekvensutgreiing kor vi beskriv tomtealternativa austom elva, fortel ordførar Terje Søviknes (Frp).
Må ha stor samfunnsmessig nytte
Signalet frå fylkesmann betyr at kommunen også kan sjå på tomter som i dag ikkje er satt av til offentleg formål.
– Om vi fell ned på at ei tomt som ikkje er til offentleg formål i dag, så opplever eg at fylkesmannen er velvillig innstilt på å finna den beste løysingen.
– Det har mellomanna med at det har kome klare føringar frå regjeringa om at eit eventuelt jordvern må vika om det er snakk om utbyggingar av stor samfunnsmessig nytte, forklarar Søviknes.
Ei skuleutbygging kan komma inn under denne kategorien.
Må utgreiast
Det er for tidleg for ordføraren på peika på aktuelle områder alt i dag.
– No vil adhoc-utvalet som er satt ned sjå på dei ulike alternativa og konsekvensutgreia desse.
– I den må mellomanna ei analyse av transportbehovet takast med for kvart enkelt alternativ.
– Korleis skal vi legga til rette for at elevane kan gå eller sykla til skulen versus at dei må bussast eller køyrast, nemner ordføraren som døme på kva som må med i utgreiinga.
Vil sjå på sentrumskrinsen under eitt
I arbeidet med konsekvensutgreiinga er det òg naturleg at adhoc-utvalet tek opp i seg utfordringa dei fekk på budsjettkonferansen om å sjå sentrumsskulane Lunde, Os, Kuventræ og den nye skulen under eitt.
– Ei ny skule må vera med på å skapa dynamikk i sentrumskrinsen.
– Det utfordrar nok arealplanen slik den ligg i dag, kor vi har to områder til offentleg formål. Eitt eit stykke inn i Hegglandsdalen og eitt ute på Bjånes.
– Det er eit spørsmål om ikkje ny skule austom elva burde koma nærare sentrum for å oppnå den dynamikken.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.