Skal hjelpa unge komponistar

Glenn Erik Haugland vil hjelpa unge komponistar opp og fram og startar unikt tilbod i Studio E39.

Heidi Luosujärvi og Inger Kristine Rieber er to av musikarane Glenn Erik Haugland håper å få med seg i prosjektet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 01. mars 2015 09:31

Han har nær ein mannsalder bak seg som komponist og produsent av ulike musikksceniske produksjonar. No vil han nytta erfaringa til å gje unge komponistar tips og råd på vegen.

– Du veit, å laga musikk er mykje meir enn å laga poplåtar.

– Spel- og filmbransjen er til dømes bransjar som er store konsumentar av spesialskriven musikk.

– Det krev noko anna enn å kunna spela gitar for å laga musikk for slike oppdragsgjevarar, forklarer Haugland.

For dei som vil skriva, ikkje spela

Tilbodet Haugland no startar strekk seg over eit år og rettar seg mot musikkinteressert ungdom frå 15 år og oppover.

– Gjennom inspirasjonssamlingar her i Studio E39 skal dei få ei praktisk tilnærming til det å komponera.

– Nettopp det praktiske var noko eg sjølv sakna då eg tok mi utdanning. Kurset, som vi har kalla Session Studio E39, er for dei som vil laga musikk, anten dei skal spela den sjølv eller andre skal framføra den.

I løpet av 5-6 helgesamlinger skal det eksprimenterast og komponerast musikk på ulike plattformer og med ulike metodar.

– Det kan vera alt frå at dei får i oppgåve å skrive eit verk mens dei er heime, til ein meir intens variant kor dei får fire timar på seg før det skal framførast av musikarar.

Får møta musikarar

Nettopp møtet med musikarane, når du kjem med eit nykomponert stykke, er noko av det mest spennande og ofte vanskelegaste ein komponist er borti, ifølgje Haugland.

– Det som i di lille skrivestue ser og høyrest så flott ut, kan vera heilt umogleg når musikarane skal byrja å spela det.

– Musikarane kan vera nådelause i tilbakemeldingane dine. Kva gjer du då, spør Haugland retorisk.

– Difor vil vi ha med musikarar på sesjonane slik at deltakarane får kjenna på også denne delen av kvardagen.

Unikt i Noreg

Eit tilbod som det Haugland no skaper finst ikkje i Noreg frå før.

– I alle fall ikkje over så lang tid. Eg har vore med på tilsvarande på folkehøgskulen på Leira i Valdres, men då som sommarskule.

– Det unike her er at det går over vel eit heilt år og deltakarane får individuelle tilbakemeldingar både på samlingane og undervegs i prosessen.

– Det finst ikkje tilsvarande i Noreg i dag, og eg håper elevar på musikklinjer på vidaregåande skular, eller dei som tenkjer på å søka seg inn på musikkhøgskulene, finn dette verdt å vera med på.

Håper på jentene

Haugland legg ikkje skjul på at komponistmiljøet er mannsdominert.

– Dette er gutteklubben Grei.

– Det rir miljøet som ei mare, difor håper eg veldig at det er jenter som har lyst til å melda seg på kurset.

Avsluttar med storproduksjon

Ei av oppgåvene deltakarane vil få er å vera med å skriva eit større musikkteater.

– Det skal vera praktisk, så i tillegg til å komponera musikken, så skal dei få bryna seg på alt rundt ein større produsjon.

– Alt frå PR, korleis finansiera den, øvingsplanar, instruksjon og ikkje minst, sjølve gjennomføringa, skal dei få vera med på.

– Det blir eit musikkteater med orkester, kor og ungdomar både på og bak scenen.

– Eg kan jo røpa at vi er i dialog med Oseana om eit samarbeid, avsluttar Haugland.

Prosjektet er støtta av Noregs kulturråd og Hordaland fylkeskommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.