Lokal | 02. jan. 2020

Skal Midtsiden dekka Fusa?

Sånn blir nedslagsfeltet vårt etter kommunesamanslåinga.

Skal Midtsiden dekka Fusa?
Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy har ambisjonar for Fusa på sikt, men vil ikkje klara å dekka heile storkommunen frå dag éin. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. jan. 2020 11:36

Det siste halvanna året inn mot kommunesamanslåinga har Midtsiden, ikkje uventa, ofte blitt spurd om dekningsområde når Fusa og Os om to veker blir Bjørnafjorden kommune.

Med nokre unntak blir alt som før.

Vi vil prøva å dekka den delen av politikken som berører heile kommunen, vi vil òg strekka oss eit stykke for å dekka mest mogleg av næringslivet i heile Bjørnafjorden. Dessutan ønskjer vi å hjelpa osingane å bli betre kjent med dei nye bygdene og sambygdingane i storkommunen.

Men vi må venta med alt anna, frå krim og hendingar, sett vekk frå dei mest alvorlege sakene, til sport og kultur.

Dagens lesarar - først og fremst

Frå starten i 2001 til i dag har lesarane sine forventingar til oss, og våre forventingar til oss sjølv, auka. Det er framleis mykje i Os vi ikkje rekk, og det gjer vondt å seia nei, eller å ikkje levera i det tempoet eller med den kvaliteten som vi ønskjer.

Så lenge vi har det som i dag, at vi ikkje klarer å nå over alt vi ønskjer i Os, finn vi det vanskeleg å forsvara å dela ressursane våre på to sider av fjorden. Då reknar vi med at dagens Midtsiden-lesarar, som i hovudsak er frå Os og Bergen, ville blitt skuffa.

Med ambisjonar for storkommunen

I Bjørnafjorden kommune blir vi 25.000 innbyggarar frå start 1. januar 2020. Av desse er 21.000, altså 84 prosent, frå Os. Vi ber dei 16 prosentane av sambygdingar som kjem frå Fusa visa tolmod.

Vi etablerer oss først fullt ut i Fusa når vi har kapasitet til gjera det på vår måte; med ein lokal, flittig og fastbuande redaksjon som følgjer livet i bygdene tett, balansert og med kontinuitet.

Det ser vi fram til!

Kjetil Vasby Bruarøy
Ansvarleg redaktør

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.