Kultur | 06. nov. 2019

Skal rehabilitera historisk veg

Os kommune, Os Turlag og Os Sogelag jobbar i desse dagar med eit heilt spesielt prosjekt på Bergstø.

Skal rehabilitera historisk veg
<div></div><div>Medlemmer frå Os Turlag i full sving på den historiske Kystpostvegen på Bergstø. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)&nbsp;</div>
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 06. nov. 2019 09:10

Bildeserie:

Øyvind Gjerde er bas og papirhandsamar i arbeidet. (Foto: KOG)
Øyvind Gjerde er bas og papirhandsamar i arbeidet. (Foto: KOG)
Os Sogelag på dugnad. F.v. Knut Storheim, Geirmund Dyrdal, Øyvind Tøsdal og Oddbjørn Klyve. (Foto: KOG)
Os Sogelag på dugnad. F.v. Knut Storheim, Geirmund Dyrdal, Øyvind Tøsdal og Oddbjørn Klyve. (Foto: KOG)
Nokre stadar er det ikkje så blautt. (Foto: KOG)
Nokre stadar er det ikkje så blautt. (Foto: KOG)
Her skal Statens vegvesen inn med geo-radar for å finna ut kvar vegen er. (Foto: KOG)
Her skal Statens vegvesen inn med geo-radar for å finna ut kvar vegen er. (Foto: KOG)
Desse stolpene er ein del av «Nato-kabelen» som skal liggja under vegen. (Foto: KOG)
Desse stolpene er ein del av «Nato-kabelen» som skal liggja under vegen. (Foto: KOG)
Rehabiliteringa stoppar her, retning sør. (Foto: KOG)
Rehabiliteringa stoppar her, retning sør. (Foto: KOG)
Tidlegare varabrannsjef Arne Monsen er med på dugnaden. (Foto: KOG)
Tidlegare varabrannsjef Arne Monsen er med på dugnaden. (Foto: KOG)
Os Turlag har donert 300 arbeidstimar til prosjektet. (Foto: KOG)
Os Turlag har donert 300 arbeidstimar til prosjektet. (Foto: KOG)
På veg til velfortent lunsj. (Foto: KOG)
På veg til velfortent lunsj. (Foto: KOG)
Jorunn Nytræ syt for bålkosen. (Foto: KOG)
Jorunn Nytræ syt for bålkosen. (Foto: KOG)
Lunsj i det grøne. (Foto: KOG)
Lunsj i det grøne. (Foto: KOG)
1 av 11

Visste du at det mellom Bergstø og Hetleflåten ligg eit stykke veldig spesiell veg?

Den om lag 1,6 kilometer vegstubben er ein del av Kystpostruten som gjekk mellom Stavanger og Trondheim.

I desse dagar får vegstubben omsyn og pleie slik at endå fleire skal få kunna oppleva den.

Freda kulturminne

Kulturkonsulent i Os kommune, Øyvind Gjerde, fortel at vegen er ein svært gamal ferdsels- og rideveg, som blei opparbeidd til statleg postveg og køyreveg i 1797.

– Vegen har dokumenterte røter tilbake til midten av 1500-talet, men er sannsynlegvis mykje eldre, og blir rekna som automatisk freda kulturminne.

– Opphavleg hadde bøndene i Os ansvar for å vedlikehalda vegen, men etter at staten bygde nye vegar gjekk dei gamle ut av almen bruk, og det har skorta på vedlikehald. Staten står som eigar av postvegane, no gjennom Statens vegvesen.

Søkte midlar

Gjerde fortel at då Hordaland fylkeskommune tidlegare i år lyste ut midlar til «unike regionale utviklingsproskjekt», tidlegare kjend som «konsesjonskraftmidlane», valde kultureininga å søka.

Midlane skal gå til regionale utviklingsprosjekt der målet er å skape noko unikt for heile eller delar av fylket.

– Søknaden vår gjekk gjennom, og Fylket løyva nærare 400.000 til prosjektet vårt.

– Men det er viktig å nemna at omfattande dugnad er ein føresetnad for tilskotet, legg Gjerde til.

300 timar pluss 50 timar

I tillegg til å vera ansvarleg for papirarbeidet rundt rehabiliteringa av vegen, er Gjerde bas for alle dei frivillige som no er med på arbeidet.

Gjerde kan stolt fortelja at Os Turlag har sagt ja til å gje 300 arbeidstimar, og Os Sogelag har forplikta seg til 50 timar.

– No er planen å rehabilitera vegen etter historisk modell, først og fremst ved å drenera grøftene.

Os turlag og Os Sogelag sin innsats er første steg på vegen.

– Dei ryddar vegetasjon langs vegen, i ei breidde på opp til 2 meter frå grøftene. Alt av buskar og tre i denne sona skal fjernast, fordi det er med på å øydeleggja den opphavlege vegen.

Frå magister Absalon til Nato

Gjerde fortel at i Os-samanheng er vegen kjend heilt tilbake til 1560-talet.

– Prest, historikar, forfattar og lærar, Absalon Pedersson Beyer, også kalt magister Absalon, skal i 1565 ha ridd til ei bryllaup i Borgstova i Os. Og dette skreiv han om.

Gjerde kan òg fortelja at vegen i nyare tid vart nytta til å skjula noko som skulle sendast.

– Vi ser synlege restar etter ein «Nato-kabel» som ligg under vegen. Dette er ein kabel som i etterkrigstida skal ha sendt eitt eller anna heilt til England, og langsmed vegen står det framleis små stolpar som fortel kor kabelen er skjøta.

Skal bli ein veg for alle

Gjerde fortel at etterkvart som skogryddinga er ferdig, skal kommunen og entrepenørar inn med maskiner for å ta seg av sjølve dreneringa.

– Det er veldig vått og blautt fleire stadar, og på eine strekket skal Statens vegvesen inn med geo-radar for å prøva å finna ut kvar vegen eigentleg gjekk. Nett no er det mest ei myr der.

På spørsmål om kor tid arbeidet er rekna å vera ferdig, kan ikkje Gjerde svara heilt eksakt.

– Vi må vera ekstra varsame når vi skal inn med maskiner, men målet er at vi skal få gjennomført arbeidet i løpet av vinteren. Vegen blir med andre ord til mens vi rehabiliterer den.

– Ferdig skal vegen på ny bli for alle, og då skal du fint kunna trilla barnevogn her òg, avsluttar Gjerde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.