Kultur | 21. juni 2025

Skal spela gratiskonsert på dette tunet

Du treng billett til båten, men ikkje musikken.

Skal spela gratiskonsert på dette tunet
Platting og benkar er rigga for utandørskonsert søndag. Foto: Uwe Dørrbecker
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 21. juni 2025 16:22

Lysøens Venner, som blant anna jobbar med vedlikehald og aktivitetar på Lysøen, har tidlegare arrangert konsertar for publikum i båt i Lysevågen.

Søndag er det ny gratiskonsert, men denne gong går publikum i land.

– Også denne konserten er gratis for publikum, men dei treng billett til båten, og den kan kjøpast på førehand, seier Berit Høgheim.

Konserten blir spelt utanfor Gamletunet, som tidlegare i år har blitt pussa opp av dugnadsgjengen i veneforeininga.

På scenen står Nils Økland og Sigbjørn Apeland, under telt.

Nils Økland speler fiolin og hardingfele, Sigbjørn Apeland speler trøorgel.

På programmet står folketonar og slåtter av Ole Bull og Edvard Grieg, saman med eigne komposisjonar og improvisasjonar.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.