Handball | 11. des. 2022

Skåra halvparten av Os sine mål

Hamna langt bak borte mot tabelltoar, men hadde éi fin innhenting.

Skåra halvparten av Os sine mål
Maren Evensen i lufta, her heime i siger over Fyllingen 2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. des. 2022 08:43

Handballdamene til Os spelte 27-27 mot Viking i førre heimekamp. Neste heimekamp er ikkje før 15. januar.

Laurdag kveld spelte dei borte mot tabelltoar Bjørnar, eitt av to lag som har berre eitt tap til no.

Os fekk ein dårleg start. Etter 1-1 gjekk vertane opp til 8-1 før Os skåra igjen.

Så, frå 9. til 19. minutt, henta Os seg nesten inn igjen. Då sto det 10-7.

Men Bjørnar drog ifrå igjen, både før pause og utover i 2. omgang.

Bjørnar - Os 34-17 (19-8)

Maren Evensen skåra 8 mål (7+1 straffe), nesten halvparten av Os sine nettkjenningar, og Ayleen Hagen skåra 4, 3 av dei i den gode innhentingsperioden i første omgang.

Os speler neste kamp borte mot Stord tysdag. Stord står med 4-0-5 før møtet med Os, Os har 2-1-5 i sigrar, uavgjorte og tap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.