Sport | 08. des. 2022

Gatelag i handball: Historisk kamp i Oshallen

Os har Norges einaste gatelag i handball, men har no kasta i gang eit stort lag frå nabokommunen.

Gatelag i handball: Historisk kamp i Oshallen
Lars Petter Grønvigh (t.h.) er ein av dei tilsette i Bjørnafjorden kommune som er engasjert i prosjektet. Her i jubel med endå ein målskårar og lagkamerat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. des. 2022 19:48

Det som starta som Os kommune sitt «Prosjekt Livskvalitet» har breidd om seg frå snekkerbu til ei lang rekkje idrettar og aktivitetsttilbod.

Nytt av året er gatelag i handball, i samarbeid med Os Handball, leiar av dagleg leiar Christian Bugge, mens dei kommunale einingane Vartun og Grantun stiller med hjelpetrenarar og vikarar.

– Eg hadde ingenting å gå til, og lite hjelp med oppfølging, og så oppdaga eg dette! No deltar eg på alt, frå fotball og yoga til handball, og eg har einheilt annan kvardag! seier Alex, ein av spelarane.

Tenesteutvalet fekk ei sterk skildring av resultatet av prosjektet «Livskvalitet» (foto: Andris Hamre)
Les òg– «Livskvalitet» redda livet mitt

Os er først i Norge med gatelag i handball, og jobbar med å få andre idrettslag i sving.

– Målet er å få mange nok lag til at vi kan invitera til ei turnering, på sikt også å spela serie, seier Tor Arne Hitland frå Vartun.

– Handball har blitt godt mottatt lokalt, på førre trening var vi mange nok til å spela mot kvarandre med to fulle lag. Men vi skulle gjerne hatt fleire motstandarar, seier kollega Lars Petter Grønivgh frå Grantun.

Mens handballsjef Bugge er i kontakt med både krets og handballpresident, har Hitland og Grønvigh fått kontakt med eit stort og aktivt lag i Bergen.

Dagleg leiar i Psykiatrialliansen, Lasse Hjelle, trudde han berre skulle vera sjåfør, men hamna rett i oppvarming og kamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Psykiatrialliansen er ein frivillig organisasjon bygd opp som eit bedriftsidrettslag. Idrettslaget tilbyr ikkje behandling, berre aktivitet, seier Lasse Hjelle.

Psykiatrialliansen blei stifta i 2006 som eit samarbeid mellom Helse Bergen og Bergen kommune. Lasse er einaste fulltidstilsette

– Vi har ikkje medlemsregister, vi spør ikkje kvifor folk kjem, om dei slit med rus, har psykiske utfordringar, er einsam eller berre glad i idrett. Vi vil berre skapa ein god og sunn møtestad, gratis og open for alle.

Dei har rundt 400 deltakarar på 28 faste aktivitetar i veka, frå innebandy og kampsport til fotball og svømming.

I går stilte ei gruppe leiarar og deltakarar i ein av dei to nye hallane i Os idrettspark for å prøva seg i ny aktivitet - handball mot pionerane frå Os.

Imponerande spel - få skåringar

Os lånte vekk to av sine spelarar til gjestane frå by'n. Etter oppvarming var det samling, kort gjennomgang av reglar og kampen kunne gå i gang.

Nokre av spelarane har vore på handballbanen før, andre har berre trent i Os desse første månadane, mens nokre prøvde handball for første gong.

Jan Ove Næss og Tor Arne Hitland før kamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Psykiatrialliansen, styrkt med to frå Os, fekk den beste starten, og gjekk opp i 0-2.

Til pause sto det 3-5, så henta Os seg opp til 7-8 før gjestane skåra to og vann 7-10.

Dei ferske spelarane gjorde svært få personlege feil. Sentringane var presise, ballen gjekk fort mellom medspelarane og skota var i periodar gode.

Men begge lag hadde gode keeperar, etterkvart også bra forsvarsspel.

Bildeserie:

I oppvarming. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Før-kampen-prat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sportsleg leiar i Os Handball, Ole Jørgen Olsen, dømte kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Christian Bugge i sekretæriatet, Renate Rød lånt vekk som gjestane sin reserve. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Næss fossa fram og gav gjestane ei 0-1-leiing. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Eg har så lyst å skåraaa! sa Vartun-tilsette Alexander Dymbe, her på kontring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Knallhardt, men i tverrligger. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nytt Os-forsøk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Men det var Lars Petter som måtte til, reduksjon til 1-2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lynraske Alex skaut og skaut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Men gjestane stilte med ein veldig stødig keeper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Også Os sin Ole redda mykje, men akkurat denne gjekk inn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

... og denne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sterke skyttarar frå by'n kunne jubla fleire gongar i løpet av besøket. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Men det kunne Os òg, her blir det 3-5 på kampens einaste 7-meter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ein heiagjeng frå Os Fotball var også innom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Humøret var på topp, men det var også vinnarviljen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

2. omgang og 3-5. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os henta seg inn til 4-6. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Og 5-6. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Og 5-6. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tøft forsvarsarbeid og ny keeper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Dermed fekk Ole seg ein tur opp for å skåra, 6-8. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Så var Lars Petter i lufta igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Men ein uredd keeper hindra denne òg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Så blei det 7-8. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Men kampen enda 7-10. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

1 av 26

– Så gjestfrie de har vore er eg sikker på at de også gav oss denne sigeren, litt for å sikra at dagen skulle gi meirsmak, spøkte 0-1-skårar og lagleiar Jan Ove Næss etter kamp.

Då sat begge laga saman i de vesle, nye klubbhuset over kiosken mellomfotballbanane for å eta rundstykker med eggerøre og laks, eller karbonader og nysteikt lauk.

Bildeserie:

Felles lagbilde før avmarsj til fellesmåltid. (Foto: Tor Arne Hitland)

Klubbhuset over kiosken dekka til sosial stund etter kamp. (Foto: Tor Arne Hitland)

Gjestane skulle ikkje reisa svoltne heim frå Kuventræ. (Foto: Tor Arne Hitland)

Bugge og Næss takka kvarandre for kampen og samarbeidet. (Foto: Tor Arne Hitland)

1 av 4

– Eg må seia at eg er mektig imponert over kva dykk har fått til, og for opplegget rundt kampen, la Næss til.

No vil gjestane planlegga handball som aktivitet snarast mogleg over nyttår.

– Eg håper dette er starten på noko som gjer at vi kan laga ein julecup neste år. Samtidig held vi fram med å prøva å nå ut til dei større klubbane i Bergen for å sjå om endå fleire vil starta gatelag i handball, seier Bugge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.