Skåra på Voss
Christian Almeland skåra kampens einaste mål i Os sin bortekamp laurdag. (Oppdatert)


I dag spelte Os siste bortekamp i årets serierunde, også denne enda med siger, 0-1 til Os.
- Vi putta i 36. minutt, fortel trenar Frank Hellevik.
Skåringa kom på ei fin kontring. Andreas Bjørnen, som var heimom frå Kristiansand, la inn til Christer Olsen, som skaut i stanga. Returen hamna hos Christian Almeland, som skåra kampens einaste mål.
Dette var Almeland si andre skåring for A-laget i år.
- Sjølv om ikkje resultatet var så suverent, så var dette ei grei gjennomkjøring. Voss skapte knapt ein sjansen, seier Hellevik.
Os starta med dette laget (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Frode Buvik, Stian Lunde, Preben Borgen, Christian Almeland, Christer Olsen og Andreas Bjørnen.
Laurdag 17. oktober er det serieavslutting på heimebane, med toppkamp mot Tertnes (kl 15.00).
Tertnes på 2. plass tapte fredag 1-4 for Hovding. Hovding redda med det plassen i 3. divisjon neste år, medan Djerv og Trio ikkje kjem seg opp igjen frå dei to nederste plassane på tabellen.
SJÅ TABELL
For Os er det skikkeleg spennande først 24. eller 26. oktober, avhengig av om det er Austevoll eller Brann 2 dei skal kjempa om opprykk mot.
Sundag spelar Os 2 om opprykk, borte mot Valestrand Hjellvik klokka 16.