Fotball | 20. aug. 2022

Skåra to - hjelpte Dang å klara hattrick

Fiton Durguti er tilbake for fullt. Alexander Dang viser framleis skåringsform.

Skåra to - hjelpte Dang å klara hattrick
Fiton Durgiti fekk ein lovande start iLysekloster i vår, men så kom eit skadeopphald. No er han tydelegvi i god form igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. aug. 2022 16:48

Lysekloster sikra nye tre poeng borte mot Stord i dag, men sigeren sat ifølgje trenar Ruben Hetlevik eit stykke inne.

– Det var ein vanskeleg kamp, og i periodar sleit vi med å forsvara oss. Først på 2-4 følte eg at vi hadde kontroll, seier Hetlevik.

Stord gjekk i føringa, men Fiton Durgiti, som mista over ein månad av forsommaren, ordna 1-2 på åtte minutt.

Tidlegare Os-spelar Roger Ekeland reduserte til 2-3 med si første skåring etter comeback på Stord, men Alexander Dang, som sette 1-3, la på til 2-4 og 2-5.

Stord - Lysekloster: 2-5 (1-2)
Målskårarar, Lysekloster: Durgiti 2 og Dang 3
Tropp og kampfakta på fotball.no

– Fiton var åleine med keeper på 2-4, men sendte til Dang, som blei den av dei som fekk hattrick i dag.

– Bra gjort av begge! synest Ruben.

Dermed er Dang oppe i 9 mål på 7 kampar for Lysekloster.

Han skåra 4 mål på 7 kampar for Øygarden i vår.

Lysekloster og Os er no likt i kvar si avdeling med 3. plass og 33 poeng på 17 kampar.

Brodd ligg to poeng over Lysekloster, Brann 2 er 7 poeng framfor før dei speler sin runde 17.

– Det er framleis mogleg for oss å vinna avdelinga.

– Om Brann 2 avgir poeng i dei to neste kampane før dei møter oss, kan vår bortekamp mot Brann 2 bli ekstra spennande, seier Ruben om runde 19.

Lysekloster sinneste kamp går heime mot Viking 2 (8. plass) laurdag om ei veke.

Tabell og terminliste på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.