Lokal | 08. okt. 2015

Skeptiske politikarar vil høyra folket

Auka byggehøgde og fleire leilegheiter gjer politikarane skeptiske til å endra reguleringsplanen for Hamnevegen - Lientomta.

Skeptiske politikarar vil høyra folket
Slik illustrerer tiltakshavaren den ønska utbygginga (ill: Os kommune/ABO)
Andris Hamretorsdag 08. okt. 2015 08:12

Bildeserie:

Illustrasjonsplanen for den endra utbygginga (ill: Os kommune/ABO)
Illustrasjonsplanen for den endra utbygginga (ill: Os kommune/ABO)
1 av 1
Illustrasjonsplanen for den endra utbygginga (ill: Os kommune/ABO)

Fram til 30. oktober ligg forslaget til endring av reguleringsplanen for Hamnevegen - Lientomta der eldresenteret står i dag, ute til offentleg ettersyn. Då plan- og bygningsutvalet handsama saka i september uttrykte dei ein viss skepsis til dei foreslåtte endringane, men la den likevel ut til offentleg ettersyn.

– Eg har litt problemer med denne. Det er ei auke på 13 einingar og ein ekstra etasje. Den var allereie på smertegrensa når det kjem til leikeareal og uteopphaldsareal. Eg meiner vi bør halde oss til den opprinnelege planen med 45 einingar, vi treng ikkje gå høgre, kommenterte Torill Keys (Ap).

Vil ha meir leikeareal

Ho fekk langt på veg støtte av Gustav Bahus (Frp) og Sonja Vernøy Hansen (Frp).

– Vi har òg diskutert det, og er forsåvidt einige i at den planen som låg der er grei, men vi ønskjer likevel å legga den ut til offentleg ettersyn.

– Vi synes nok at volumet er noko høgre enn det vi kan tenkje oss, men ønskjer å sjå kva som kjem fram i høyringsrunden før vi tek endeleg stilling til det, forklarte Bahus.

– Eit moment vi har diskutert er nettopp leikearealet. Vi ser at det er vanskeleg å få til, men det er ikkje godt nok det som ligg i planen no. Dei må komma opp med ein betre løysing. Det er flott å få bustader i sentrum, men som sagt. Vi må sjå på leikearealet ein gong til, supplerte Vernøy Hansen.

Uroa for støy

Eit anna moment som uroa politikarane i plan- og bygningsutvalet var korleis ei auka byggehøgde ville påvirka støybilete hos dei omkringliggande bustadane.

– Det er viktig å sjå nærare på støybilete. Naboar har vore i kontakt med oss og er uroa for korleis trafikkstøy vil slå tilbake frå dei auka bygningskroppane. Difor må det gjerast støyvurderingar mot Haugsneset, meinte Gustav Bahus som fekk støtte frå Terje Sperrevik (TvS).

– Det må gjerast støyisolerande tiltak i høve naboane, slik at det slår tilbake mot dei. Eg er skeptisk. I tillegg er eg oppteken av Hatvikvegen og krysset. Allereie i dag er det problematisk både mot Steinneset og Hamnevegen, påpeikte Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.