Meining | 10. jan. 2022

Skjenkestoppen må avsluttast no!

Situasjonen er katastrofal innan publikumsretta næringar som servering, kultur og reiseliv.

Skjenkestoppen må avsluttast no!
Det er roleg på Osøyro om kveldane etter skjenkestoppen som kom før jul. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. jan. 2022 12:28

Opprop frå Bjørnafjorden Næringsråd via Næringsalliansen, som dei er del av:

Skjenkestoppen må snarast avsluttast. Næringslivet må óg kompenserast for straumrekningar som har auka med meir enn 50 prosent.

Dette er hovudbodskapen frå Næringsalliansen, som representerer meir enn 3000 bedrifter og 150.000 arbeidsplassar i heile Vestland fylke.

Ei stor medlemsundersøking mellom desse fortel om svært store skilnader. Undersøkinga viser at nye nedstengingar og høg straumpris er mellom dei største utfordringane for medlemsbedriftene akkurat no.

– Olje og gass, sjømat og maritim næring går veldig bra, men innan servering, kultur og reiseliv er situasjonen katastrofal for mange. Dei har vore svært utsette gjennom hele pandemien. No er kassen tom.

– Får dei ikkje no den stønaden dei treng i tide, vil mange ikkje klare seg. Fleire vil tape livsverka sine, seier Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd.

Det som hastar aller mest for desse, er at skjenkestoppen vert fjerna. Sjølv ei ordning med avgrensa skjenketider, til dømes til klokka 2200, vil vere til hjelp og gjere det mogleg å opne utestader som no er stengde.

Innføring av eit koronasertifikat innan restaurant og kultur er eit anna verkemiddel som bør innførast for å skape trygge rammer for drift og aktivitet.

– Lokomotiva i næringslivet går så det susar, men fleire av vognene har blitt ståande igjen på perrongen - eller rett og slett blir slengt av i fart. Vi er svært bekymra for utelivsbransjen og delar av kulturlivet, og vi er oppgitt over ein nasjonal skjenkestopp som slår beina under ein heil bransje, seier Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar i Stord Næringsråd.

– Det handlar ikkje berre om pengar. Det handlar om å halde på kompetansen og å få drive ei verksemd som er viktig for folk sin trivnad og sosiale liv.

Mange av verksemdene i Vestland er små og mellomstore, og dei vert no råka hardt av den enorme auken i straumprisane. Private hushaldningar vert delvis kompenserte for dette.

Næringsalliansen krev ordningar som óg kan vere til hjelp for eit næringsliv som no tapar
konkurransekraft og vilkår for ei føreseieleg drift i 2022.

– Det er særleg små og mellomstore verksemder med eigen energikrevjande produksjon som tar støyten.

– Dei store prosessbedriftene har straumavtalar som gjer dei relativt upåverka, SMB-verksemdene er ofte lokaleigde og mindre kapitalsterke. Desse vert no sett til å gje
maksimal inntening til stat, fylke og kommune medan dei kjempar for livet, seier Ingvald
Torblå, styreleiar i Hardanger Industri.

– Det grøne skiftet vert ikkje gjennomført med ei raud bunnlinje. Ein kompensasjon for høge straumrekningar må ikkje avgrensast til eit visst nivå, men omfatte faktisk forbruk.

– Berre slik kan ein få eit grunnlag for føreseieleg og rett budsjettering som gjer at bedriftene overlever, utfyller Jørund Vevle, leiar i Osterøy Industri- og næringslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.