Lokal | 08. feb. 2020

Skreiv ut 10 forelegg på 90 minutt

UP hadde laserkontroll på Hatvikvegen fredag kveld.

Skreiv ut 10 forelegg på 90 minutt
UP med laser på Hatvikvegen. (Arkivoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. feb. 2020 08:31

Fredag hadde utrykningspolitiet fartskontroll med laser i ei 50-sone på Hatvikvegen.

Dei står frå klokka 18.30 til litt over klokka 20, og skreiv ut i alt 10 forenkla forelegg.

– Dette er eit område vi av og til får klager frå, og der vi har fotgjengarar langs fylkesveg utan fortau, seier vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Høgaste fart blei målt til 69 km/t. Det tilsvarar 5.500 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

På gjennomreise utan førarkort

Ein patrulje frå lokalt politi stoppa ein tilfeldig bilførar klokka 20.30. Vedkomande bilførar, ein mann i 40-åra, hadde ikkje førarkort.

– Mannen var på gjennomreise. Han er no meldt.

Katt påkøyrd på Halhjemsvegen

Laurdag morgon fekk politiet melding om påkøyrd katt.

– Katten blei påkøyrd mellom Lepsøykrysset og Lunde-Lekven. Den blei skildra som lys spraglete. Den var ikkje merkt, og vegtrafikksentralen er varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.