Skreiv ut to forelegg på 20 minutt
Poliiet hadde einkort fartskontroll på E39 i går.
Onsdag kveld hadde politiet fartskontroll med laser på E39 Halhjemsvegen.
Dei sto ved vekta frå klokka 18.35 til 18.55 og stoppa to bilar i 70-sona.
– Høgaste fart var målt til 83 km/t, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Det fører til 3.400 kroner i forelegg, men ingen prikkar på førarkortet. Når fartsgrensa er 70 km/t eller meir må du opp i minst 16 km/t over grensa for å få prikkar på førarkortet.
- Midtsiden startar utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
Velta tre over Hatvikvegen
Tidlegare på dagen, klokka 15.30, fekk politiet melding om velta tre på Hatvik.
– Treet velta delvis over Hatvikvegen, rundt to hundre meter frå ferjekaien. Personbilar kom seg under treet, men det kunne vera til hinder for større køyretøy.
Vegtrafikksentralen blei varsa for å få treet fjerna.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.