Politi | 13 timar sidan
Skreiv ut mangellapp i Mobergsbakken
Lett MC med for mykje lyd – igjen.


Kjetil Vasby Bruarøytysdag 17. mars 2026 08:45
Utrykningspolitiet hadde måndag kontroll på E39 og i Lepsøykrysset.
Det enda med i alt åtte forenkla førelegg.
Etterpå, litt før klokka 12, heldt dei åtferdskontroll i Mobergsbakken.
– Ti trafikantar blei sjekka for promille, alle var edru, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Det blei skrive ut mangellapp til førar av ein lett MC, då denne mangla DB-killer.
– Han blei stoppa for det same i fjor, opplyser Kjetil Drange frå UP.
Førar, ein gut i tenåra, må visa sykkelen i godkjent stand for vegvesenet.





