Politi | 16. apr. 2023

Skreiv ut ni forelegg i 80-sona

UP hadde fartskontroll på E39 laurdag kveld.

Skreiv ut ni forelegg i 80-sona
Del av 80-sona på E39 Halhjemsvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. apr. 2023 07:35

Laurdag kveld hadde utrykningspolittiet fartskontroll i 80-sona på E39 Halhjemsvegen.

Frå klokka 21.30 til midnatt skreiv dei ut ni forelegg.

Høgaste fart var 102 km/t, noko som fører til 9.100 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

– Det er også ein trafikant som er meldt, då vedkomande nekta å godta forelegget, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

I samband med at brannvesenet i går var i Nordstrøno for å sløkka eit større bål i terreng, har politiet oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.