Politi | 05. apr. 2023

Skreiv ut 37 nye forelegg på E39

UP var tilbake i 80-sona med laseren.

Skreiv ut 37 nye forelegg på E39
Delar av 100-sona mellom Skogafjellstunnelen og Moberg. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. apr. 2023 08:20

For to veker sidan hadde UP kontroll tre dagar på rad på E39 Halhjemsvegen.

Fredag hadde dei fire kontrollar, tre av dei på E39, med totalt 46 forelegg.

Måndag blei det 15 forelegg i 80-sona på E39, tysdag formiddag var dei tilbake.

– Det blei 37 forelegg i går, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Dermed er det skrive ut i alt 98 forelegg i Os på tre dagar, 94 av dei på E39.

Fartssyndarane er mange, men overtrampa er framleis ikkje store.

Det blei ingen førarkortbeslag. Høgaste fart blei målt til 100 km/t i 80-sona, noko som resulterer i eit forelegg på 9.100 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Det blei også testa for promille, utan at utrykningspolitiet fann noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.