Skremte Strømsgodset
Osingen Geir André Bøyum skåra begge måla for Konnerud i det som var nær på å bli ei cupbombe.


Geir André Bøyum spelar framleis for 3. divisjonsklubben Konnerud, og sundag var han nær på å senda eliteserieklubben Strømsgodset ut av NM.
- Det var utruleg kjekt, både å få spela mot eit eliteserielag og det å spela medan det var 3000 på tribunen, seier Geir André til midtsiden.no.
Strømsgodset tok leiinga i 50. minutt, men Bøyum utlikna. Så tok dei leiinga igjen, men osingen hadde meir på lur. Strømsgodset måtte ha ekstraomgangar for å avgjera, og vann til slutt 4-2.
Dette skriv VG Nett om kampen.
Tilbake til Os?
I fjor spelte Bøyum berre halve sesongen for Os før han i juli flytta til Drammen med kjærasten. Likevel blei han toppskårar med sju mål. Bøyum vil tilbake til Os, og i vinter såg det ut som om han i første omgang skulle reisa heim til kampane no i vår.
- Slik blei det ikkje - eg kjem ikkje tilbake før til hausten, seier Geir André, som ser ut til å halda seg i form sjølv om han er vekke frå Kuventræ.