Lokal | 23. juli 2019

– Skuffande, men som venta

Målet til Os Gymnas om minst tre klassar på kvart årstrinn vert ikkje nådd i skuleåret som kjem.

– Skuffande, men som venta
Til hausten vert det to vg1-klassar, to vg2-klassar og tre vg3-klassar ved Os Gymnas. Dette er skuffande, men forventa fortel ass.rektor Rune Rosland. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 23. juli 2019 09:34

I mars synte prognosetala ei auke i søkjarar til Os Gymnas. Rektor, Kjersti Daland måtte samstundes erkjenna at det ikkje var nok til å oppretthalda tre klassar på vg1, slik skulen hadde tidlegare.

Daland sa då at målet til Os Gymnas framleis er tre, og helst fire klassar på kvart årstrinn.

– Eg trur vi vil kunna få ein auke på sikt, men det føreset at vi held fram med arbeida med utvikling og nytenking. Jobben med å rekruttera fleire elevar til skulen er langt frå ferdig.

Skuffa - vil halda fram med å rekruttera

Assisterande rektor ved Os Gymnas, Rune Rosland, fortel frå hytteferie at inntaksresultata sjølvsagt er skuffande, men ikkje overraskande;

– Det er positivt at vi ser ei aukande interesse for Os Gymnas, men sjølv med 70 prosent som hadde Os Gymnas som førsteval på vg1, vart dette ikkje nok då vi trong 85 prosent.

Rosland fortel at fasiten for Os Gymnas viser at det neste skuleår vil bli to klassar på vg1, to klassar på vg2 og tre klassar på vg3.

– Vi må halda fram med nytekning og rekrutteringsarbeid. Å få til ei idrettslinje på skulen er noko vi prioriterer høgt, spesielt med dei fasilitetane vi etterkvart har på fått på Kuventræ. Her er vi i dialog med fylket, og målet er å få dette inn i skulebruksplanen.

Kan henta eksterne e-sport-elevar

I januar i år vart det kjend at Os Gymnas, som éin av seks skular i landet skulle tilby e-sport frå hausten av.

Rosland fortel at det no ser ut til at ei gruppe på åtte elevar kjem til ha e-sport ved Os Gymnas.

– Vi kom noko seint i gong med dette tilbodet denne runden, men eg er sikker på at nettopp dette faget kan vera ein god rekrutteringsveg for Os Gymnas i framtida.

Rosland legg til at dei har blitt kontakta av elevar som ser på moglegheitene for å gå på andre skular, men som tek e-sportfaget på Os Gymnas;

– Dette inneber at det til slutt kan bli fleire enn åtte som tek e-sport, men då er det ein del kabalar som må gå opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.