Kultur | 26. juni 2011

Skule frå Os

Video: 100 born sang for born i Tanzania under Vern om min jord-konsert sundag.

Skule frå Os
Andris Hamresøndag 26. juni 2011 16:18

Kari Fjeldstad og Tore Thorsen står bak eit prosjekt dei har kalla "Vern om min jord". Eit prosjekt som har til hensikt å ta vare på miljøet og jorda for at borna kan overta den når dei blir vaksne.

Sundag hadde dei med seg omlag 100 born får fleire private barnehagar på konsert i Oseana.

SJÅ VIDEO AV BORNA SYNGE SAMAN MED ORKESTER.

Inntekten frå sundagens konsert går til SOS Barnebyer.

- Vi held på med eit prosjekt i Tanzania, nærare bestemt i Moansa ved Lake Victoria, fortalde Svein Erik Åstad frå dei frivillige i SOS barnebyer i Hordaland.

Skulebygging

Prosjektet deira går ut på å byggje ein SOS Barneby i millionbyen med heimar, barnehage, skule, helsestasjon og familiestøttesenter.

- Sidan det bur så mykje folk i byen held det ikkje med å hjelpe dei 150 borna i Moansa, meinte Åstad.

- Difor støtter vi òg ei offenleg skule utanfor barnebyen med utstyr, utdanning av lærarar og læremidlar, forklarte han når an skulle forklara korleis pengane ville bli brukt.

I tillegg til billettinntektane hadde ungane laga kunstverk som blei seld i foajeen. Også dei inntektane gjekk til prosjektet i Tanzania.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.