Næringsliv | 20. feb. 2013

Skvist vekk av dei store?

I førre veke gjekk Rosvold Sport Os AS konkurs. No ser G-Sport på effektiviseringstiltak.

Skvist vekk av dei store?
G-Sport i Os sentrum er framleis i drift, men kjeden ser på tiltak for å effektivisera drifta. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. feb. 2013 08:10

Tysdag i førre veke blei det opna konkurs i selskapet som har drive Intersport Rosvold det siste året.

I kjølvatnet av Midtsiden si omtale av saka fekk vi høyra rykte om at også G-Sport vil legga ned i Os sentrum.

– Vi har ingen konkrete planar om å legga ned, men G-Sport Os er ein butikk vi har litt fokus på for tida, seier marknadsdirektør i Gresvig, Kjetil Løken til Midtsiden.

Kundane vil ha større butikkar

Løken fortel at kjeden har rundt 165 butikkar, men at det har blitt lagt ned 5-10 butikkar det siste året.

– Nokre butikkar er lagt ned, andre er gjort om.

– Trender er større butikkar, ein marknad vi møter med G-Max-butikkar. Men det er ikkje alltid vi legg ned ein butikk om vi opnar ein G-MAX i nærleiken.

Ser på tiltak

I Os har vi verken XXL eller G-Max, men ein større MX Sport saman med ein mindre Sport1 på AMFI Os.

I tillegg er det nok noko konkurranse frå dei større sportsbutikkane i Laguneparken.

– At Rosvold er konkurs treng ikkje å bety betre marknad for G-Sport på Osøyro. Os sentrum har ikkje A-rating når det kjem til lokalisering.

– Vi har høyrt at de ikkje har fornya leigeavtale på lokalet, og at kontrakten er gått ut. Stemmer det?

– Eg har ikkje oversikt over eksakte datoar, men eg veit at det er dialog med huseigar. Leigekontrakten er blant det vi ser på når vi vil effektivisera på Os, seier Løken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.