Skyene forsvann for Kuhnleleikane igjen
Store smil og strålande vêr på innhaldsrik aktivitetsdag.
I dag blei Kuhnleleikane arrangert for fjerde år på rad.
– Vi har mange ulike formar for arbeid og aktivitetar gjennom veka, men ønskte oss ein aktivitetsdag utandørs, der vi leikar oss, seier leiar ved Kuhnletunet, Aud Marie Jakobsen Lothe.
Kuhnletunet har 20 deltakarar og 8-9 vegleiarar. Dei hadde invitert deltakarar frå Trivselstunet undervising- og aktivitetssenter frå Fusa-sida av fjorden til å delta.
– Vi har faktisk alltid hatt bra vêr, seier Olav Skorpen mens han, få minutt før start, flytta parasollen for å skjerma lydutstyret for regn.
Så kunne Jakobsen Lothe spasera bokstavleg tala ut av regnet og inn i solstrålene for å ta mikrofonen.
Ho ønskte velkomen og takka sponsorane.
Dagsenteret er eit ikkje-lovpålagt tilbod som overlevde budsjettkutta, og fleire lokale bedrifter har sponsa alt frå tskjorte og premiar til mat, popcorn og ballongar.
Kuhnletunet hadde rigga 14 postar, alle utandørs. Men først, opningsseremoni.
Etter talen var det fanfare og snorklipping.
Så var det felles oppvarming leia av fysioterapeut Aslak Magnus Larsson Aga - oppvarming i form av innøvde dansar. Den eine er BlimE, den andre ein eigenkoreografert dans etter Madcon-låten Glow.
Så kunne deltakarane delast i grupper og leikane byrja.
Blant dei 14 aktivitetane var fiskedam, frisbee, fotball, balanseøving, boksekasting, froskejakt, smaksprøvar, å føla seg fram til ting - og kappløp.
– Fiskedammen var veldig kjekk! synest Suna.
Ho var med for første gong, og hadde vore gjennom 6 av 14 postar då Midtsiden møtte ho og resten av gruppa.
– Alt var kjekt! synest gruppekollega Ørjan, same mann som sto for både snorklipping og trommespel under oppvarminga.
Midtsiden fekk med seg den første halvannan timen.
– Dette er ikkje noko deltakarane har familiemedlemmar med på?
– Nei, dette er internt for oss saman med venar frå andre sida av fjorden. Haustfesten vi skal ha om nokre veker er for deltakarar med familie, fortel Jakobsen Lothe.
Seinare var det grilling og musikk ved Kuhnlebandet.
Kuhnlebandet høyrde vi òg då dei spelte under opninga av nytt Nav-kontor i fjor (sjå video i saka under).