Lokal | 29. sep. 2009

Sladda frå seg lappen

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. sep. 2009 08:12

I 6-tida sundag morgon observerte politiet ein bil som kom sladdande gjennom rundkjøringa i Os sentrum.

- Vi tok beslag i førarkortet, opplyser politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Føraren er ein mann i 20-åra.

Fokus på lysbruk
Klokka 5.30 natt til sundag hadde politiet promillekontroll ved Rema 1000 Kuvenstasjon. Ingen blei tatt for promillekjøring, men éin bilist fekk gebyr for ikkje å ha med seg førarkort, og fleire fekk muntleg pålegg etter feil bruk av lys.

- Fleire brukar grøfte/kurvelys når det er mørkt, det er ikkje lov. Vi har også fått melding frå folk som er irriterte etter å ha møtt bilar med både kurvelys og kjørelys, det er heller ikkje lov. Bruk av lys er noko vi kjem til å ha meir fokus på i tida framover, seier Hadler-Olsen.

Skal du bruka kurvelys må dette brukast i dagslys og saman med parkeringslys. Foreldre som lånar vekk bilen til ungdom bør sjekka lysinstillingane når dei overtar bilen igjen.

Burning og grisekjøring
I 1-tida natt til sundag fekk politiet melding om burning i Kolskogen. Patruljen var opptatt og rykte ikkje ut på meldinga.

I 6-tida sundag morgon kom melding om grisekjøring på Byvegen, heller ikkje her blei syndarane tatt.

Vogntog i Lønningdal
Fredag fekk politiet melding om tungtransport i Lønningdal. Vegen gjennom Rødsliane er ikkje for tungtransport, og no er folk som bur i området lei av at sjåførar ikkje bryr seg.

- Det er ein del utanlandske sjåførar som kjører på GPS og ikkje følgjer med på skilta, men det er kanskje andre også, som veit om det, men tar sjansen. Det blir nok nokre kontrollar innover i Dalen i tida framover, åtvarar politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.