Slakta av serieleiar
Med tynn stall var Os sjanselause i forsvar. Men skåra - det klarte dei!


Handballherrane til Os avslutta haustsesongen med to heimekampar mot tøffe motstandarar. Mot Gloppen blei det siger etter årsbeste i forsvar, mot Nornen 2 sundag blei det tap etter årsverste i forsvar.
- Det blei som venta, mot gode lag som Nornen 2 er rutine viktig. Vi hadde Kristian Bruarøy skadd, Sindre Lom og Jørgen Wold opptatt med andre ting. Ove Lyssand er heller ikkje tilbake etter skaden han fekk i fingeren, seier trenar Leif Idar Røen.
Os tapte 27-49 etter å ha lagt under 13-26 til pause.
- Førstelaget til Nornen leiar 2. divisjonsavdelinga si, og Nornen 2 kjem nok til å vinna vår avdeling. Men sundagens kamp hadde blitt jamnare om vi hadde hatt full tropp.
Røen er dessutan imponert over kor mykje enkelte av Os-spelarane skåra på Nornen, som hadde fleire førstelagsspelarar med seg til Oshallen.
- Tor-Inge Myklebust Lie skåra 8 og Stian Hjertholm imponerte i angrep og blei toppskårar med 9 mål!
Les meir om kampen på osturn.no/handball
Os startar 2010 med bortekamp mot Bergen HK, som ligg på 2. plass på tabellen, plassen over Os.
SJÅ TABELL