Lokal | 08. sep. 2018

Slåstkamp og krangel i Os sentrum

Natt til laurdag blei det fleire turar til sentrum, laurdag morgon blei to kattar påkøyrd i Øyane.

Slåstkamp og krangel i Os sentrum
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. sep. 2018 07:43

Tre gongar i løpet av fredag kveld og natt til laurdag rykte politiet ut til ulike kranglar og slåstkampar.

Klokka 23.30 fekk dei melding om at det hadde vore slåstkamp på ein utestad, og at det var to personar som framleis yppa til bråk med både gjestar og ein dørvakt.

– Då patruljen kom til staden hadde ein av dei stukke frå staden. Ingen var skadd og ingen ville melda noko, fortel politiførstebetjent Thomas Juulseth.

Rett over midnatt kom det melding om høglytt krangel og knusing av glas på ei privat adresse. Då patruljen kom til staden hadde det roa seg. Bråket skal ha kome frå ein krangel mellom to kameratar, men dei skal ikkje ha vore valdelege mot kvarandre.

Nok ein slåstkamp

Klokka 02.30 kom det melding om slåstkamp utanfor same utestad.

Dei to som hadde slåst sto då og krangla. Den eine parten sprang frå staden då politiet kom, men blei henta inn igjen.

Ingen var skadd og ingen ville melda noko, men han som i utgangspunktet stakk frå staden fekk pålegg om å halda fram i same spor, altså å fjerna seg frå Os sentrum. Og å halda seg vekke.

To kattar påkøyrd

Laurdag morgon klokka 05.30 fekk politiet melding om to påkøyrde kattar på Røtingavegen.

OPPDATERT (etter samtale med bilførar): Den eine katten var svart og kvit, og døydde på staden, den andre er beige eller oransje, og blei hardt skadd. Uhellet skjedde på Sundøy.

– Begge blei tatt med til vakthavande veterinær, som i natt var på Kilden Senter på Nordås.

Trudde turgåar var i nød

Fredag kveld i 22-tida fekk politiet melding om blinkande lys i nærleiken av Møsnuken.

Etter ei stund såg meldar at det var to lys, og at dei bevegde seg ned frå fjellet.

Kveldane har blitt mørkare, men turgåarane er framleis ivrige. Hodelykter i ulikt tempo opp og ned fjella i Os blir nok eit vanleg syn i månadane som kjem.

– Det er samtidig bra at folk er observante. Er det blinkande lys frå same stad over tid, kan det vera teikn på at det har skjedd eit uhell, seier politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.