Kultur | 17. jan. 2014

Sleppefest med reggae

Tone Rose Bratland (22) sleppte tysdag si første låt. I ettermiddag speler ho på Os Biljard og Sportsbar.

Sleppefest med reggae
Tone Rose Bratland. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. jan. 2014 14:05

Tone Rose Bratland frå Bergen er veslesøstera til Ingebjørg Bratland, som gav ut plate med Odd Nordstoga i haust.

– Eg driv med musikk så mykje eg kan og skriv låtane mine sjølv, fortel Tone Rose til Midtsiden.

Tysdag gav ho ut sin første singel saman med Kingsley Anowi. Dei har skrive ei norsk låt saman.

Låta, Føl deg fri, blei nr 1 i reggae-sjangeren på iTunes same dag.

– Kingsley Anowi er ein kjent artist i Bergen innanfor soul, RnB og reggae. Låta er eit godt stykke utanfor sjangeren eg elles jobbar i, så det er ekstra spennande.

– Vi håper låta vil spreia mykje musikkglede, mykje kjærleik og få folk til å ta seg betre tid, å stressa mindre.

I kveld speler Bratland på Os Biljard og Sportsbar. Konserten har fri entré (start kl 19), men alle er velkomne til å gje eit bidrag til eit arbeid i Burundi som Tone Rose støttar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.