Slik blir Hegglandsdalsvegen
Bildeserie: 6,5 meter brei, med 3 meter gang- og sykkelveg. Dei første arbeida starter i vinter.
Kommunen og Statens vegvesen inviterte torsdag ettermiddag naboar og berørte grunneigarar til informasjonsmøte om utbedringa av FV 137 Hegglandsdalsvegen med gang og sykkelveg.
Der kom det fram at om alt går etter planen, så startar vegvesenet arbeidet til sommaren, med ferdigstillelse tidleg haust 2019.
– Dette har vore ein viktig sak for kommunen og for doke som bur der. Vi har jobba med strekninga i mange mange år, men det har vore ei seig affære. Reguleringsplanen var ferdig i 2008, og han har stått på regional transportplan ved kvar rullering, men vi har ikkje nådd opp, innleia kommunalsjef Aina Tjosås, som fortalde at dei har prøvd, purra og pusha for å få prosjektet i gang.
– I haust har vi jobba veldig tett med vegvesenet og fylkeskommunen. Dei har verkeleg tatt tak i det og etter at vi starta å planlegga skule der inne, så har vi fått gehør og mykje hjelp. Det er på sin plass å gje skryt til overordna mynde. No er vi rett ved startsstreken.
To køyrefelt og gang/sykkelveg
Tjosås overlot ordet til Bjørn Olav Jaggi, prosjekteringsleiar i Statens Vegvesen for dra gjennom detaljane.
– Vi har det meste av organisasjonen på plass, vi mangler berre byggeleiar, men det kjem snart på plass. Vi vil ta kontakt med grunneigarane rett over nyåret for å få på plass avtaler om grunnavståing.
– Det blir ei breiddeutviding av vegen slik at den blir jamn heile vegen. Den blir totalt på 6,5 meter med to køyrefelt på 2,75 meter kvar og ein 3 meter brei gang- og sykkelveg i tråd med standarden som byggast i dag.
– Vi må bygga ny bru over Vallaelva. Den får same breidde som køyrevegen og også gang- og sykkelveg. På nordsida av brua skal vi utbedra busstoppa, slik at dei får universell utforming, fortalde Jaggi.
Midlertidig bru
For å byggja den nye brua må vegvesenet både ta omsyn til naturmiljø og sørgje for ei trygg trafikkavvikling under arbeida.
– Det er spesielt når vi skal krysse elva at vi får dei største utfordringane i høve det å ta ivare miljøet. Vi vil ikkje skade laksen, ørreten, ålen og elvemuslingane som er i den. Truleg kjem vi til å legga elva i rør i samband med bygginga for å unngå forureining.
– Den nye brua blir dreia litt mot høgre for å få ei meir naturleg kurve. Om den midlertidige brua kjem aust eller vest for dagens bru er ikkje avgjort, men vi ønskjer å legga den i vest. Det er avhengig av at vi får til ei avtale med grunneigarane, forklarte prosjekteringsleiaren.
Kan bli lysregulert
Vegvesenet tek sikte på å halde Hegglandsdalsvegen open under arbeida.
– Trafikken skal kunne gå mest mogleg uforstyrra, men litt ulemper vil det bli uansett. Det kan vera at vi stengjer eitt køyrefelt, eller at vi lysregulerer delar av strekket medan vi held på. Høgst på prioriteringslista står omsynet til mjuke trafikantar i byggefasen.
Prosjektet er kostnadsrekna til 36 millionar kroner. Os kommune går inn med 5 millionar, Hordaland fylkeskommune med 13 millionar. Dei resterande 18 millionane håper ein å få gjennom ei statleg tilskotsordning til sykkelvegar, noko som blir avklart i mars 2018.
– Vi kan ikkje legga ut anbodet før det er på plass, fortalde Beate Riisnes, prosjektleiar i Statens Vegvesen.
Førebuande arbeider vil ta til i juni/juli 2018, med byggestart august 2018.
Overføringsledning i vinter
Men allereie i vinter vil arbeid langs vegen ta til. Odd Helge Henriksen frå prosjektavdelinga i kommunen fortalde at dei vil legga den nye overføringsledningen mellom krysset på Hauge og Heien før vegvesenet slepp til.
– Vi har satt av tid vinter/våren 2018 til dette arbeidet. Der har vi allereie avtaler med grunneigarane frå tidlegare. Oppstart blir omlag rundt 1. februar. Varene fekk vi faktisk i hus i dag, så vi har kjøpt inn alt som skal til på strekket.
– Vi vil bygga opp strekket oppå vassledningen i tråd med dei krava som er i normen frå vegvesenet. Når vi har lagt ny ledning vil vi legga opp eit lag med pukk, som vegvesenet kan gjera ferdig vegen på, fortalde Henriksen.