Slik blir Kuventræ skule
Skal stå ferdig til skulestart hausten 2014.
Foreldra til barna som skal byrja på skulen til hausten reagerte då det blei kjent at administrasjonen la opp til at fleire av elevane frå området rundt Os sentrum skulle bussast til Søfteland. Dette fekk politikarane til å sjå på alternativ løysing og å gå inn for ei utviding av Kuventræ skule i staden.
I samband med budsjetthandsaminga i desember fann kommunestyret å løyve 10,5 millionar til utvidinga.
– Dette gjev den mest robuste løysinga på sikt, argumenterte Frp/H/V/Krf då dei presenterte løysinga.
Doblar A-fløyen
No har ABO Plan og Arkitektur som har fått oppdraget for å utforma utvidinga sendt inn teikningane for godkjenning hjå byggesaksavdelinga.
Utvidinga legge ein som forlenging av A-fløyen (den første du kjem til) på dagens skule ned mot den nedre kunstgrasbanen på Kuventræ.
Utvidinga omfattar fire nye klasserom med tilhøyrande grupperom, garderobar, toalett og fellesareal. Totalt gjev dette eit netto tilbygg på 483,6 kvadratmeter i første høgda. Kvart klasserom blir på 58,5 kvaderatmeter.
I tillegg får ein 219,1 kvadratmeter i andre høgda, mellomanna med eit fellesareal på 85,3 kvadratmeter.
Utvidinga skal stå ferdig til skulestart hausten 2014.