Lokal | 05. feb. 2016

Slik blir torgbygget

Sjå illustrasjonane: Inspirert av Osrosa, har 3RW teikna torgbygget kommunen håper å kunna legge ut på anbod i løpet av februar.

Slik blir torgbygget
Slik er dei ferskaste skissene som Terje Søviknes presenterte på Os Næringsforum si konferanse fredag (ill: Os kommune/3RW)
Andris Hamrefredag 05. feb. 2016 12:28

Bildeserie:

Søviknes presenterte planane for eit femtitals næringslivsrepresentantar fredag (foto: KVB)
Søviknes presenterte planane for eit femtitals næringslivsrepresentantar fredag (foto: KVB)
Osrosa får ein sentral plass i det nye bygget (ill: Os kommune/3RW)
Osrosa får ein sentral plass i det nye bygget (ill: Os kommune/3RW)
Det nye torgbygget (ill: Os kommune/3RW)

Planteikningane for 1. etasje (ill: Os kommune/3RW)
Planteikningane for 1. etasje (ill: Os kommune/3RW)
Planteikningane for takterrassen (ill: Os kommune/3RW)
Planteikningane for takterrassen (ill: Os kommune/3RW)
1 av 8

På Os Næringsforum si konferanse fredag presenterte ordførar Terje Søviknes (Frp) mellomanna dei nyaste teikningene for det nye torgbygget for omlag 50 næringslivstoppar i Os.

– Ambisjonane har vore å strekka seg litt lenger. Dette blir eit spektakulært og spennande bygg, kor ein kombinerar det moderne gjennom eit ope glassbygg med ein av Os sine framste tradisjonsbærarar - Osrosa, fortel Søviknes.

Reknar med reaksjonar

Ordføraren fortel at han reknar med at det vil komma både positive og negative reaksjoner på bygget.

– Dette skal vera eit hjarte i sentrum av Osøyro, som heile sentrumsutviklinga blir fundert på. Vi må tørra å vera modige. At det vil vera forskjellige meiningar er vi førebudd på, men det har vore ein god prosess med Liv på Øyro-prosjektet, kor vi har gått fleire runder.

– Faktisk har ikkje prosjektgruppa sett desse siste tekningane, fortel Søviknes.

Lokalmat og -drift

Søviknes stadfestar at kommunen er i prosess med ein mogleg interessent i høve restaurantdrift i bygget.

– Vi ønskjer eit kvalitetstilbud basert på gode, og gjerne lokalproduserte, råvarer. Eit krav er at det skal vera både kafé på dagtid og eit middagstilbod/restaurant.

– Det må vera eit tilbod i bygget heile dagen.

– På utsida, under takoverbygga vil det vera rom til både uteservering og torghandel med lokale produkt. Målet er at ikkje berre osingane skal nytta bygget, men òg at tilbodet blir så attraktivt at tildømes bergensarar legg turen til Os for å handla i dei lokale butikkane og på torget.

– Det vil òg bli moglegheit for lag og organisasjoner til å ha stands og aktivitetar under taket, eller for lokale kunstnarar til å skapa aktivitet i og rundt huset, seier Søviknes.

Med utsikt til hamna

Bygget blir på to etasjar med uteservering og utkikkspunkt på taket.

– Det blir lagt slik at når ein står på taket så vil ein kunne sjå ut Torggata og ut mot hamna.

– Gulvet i huset blir det same som vi no skal legga på resten av torget, så der kjem det granitt.

– Klossen ein ser i bakkant av bygget er fordi vi sjølvsagt skal laga eit universellt utforma bygg, som gjer at også røyrslehemma kan komma seg opp på taket. I klossen blir det difor heis frå gateplan og opp.

– Torgbygget med sine fasilitetar håper vil skal vera med å skapa kraft i sentrum, avsluttar Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.