Sport | 10. okt. 2016

Slik trener Sverre for å bli best i verda

Sverre Lunde Pedersen knuste til på 5000 meter i Inzell i helga. Bli med på tredemølla når Sverre kjører ei økt med sjuke spensthopp.

Andris Hamremandag 10. okt. 2016 07:42

Det meste av verdseliten har lagt på treningssamling i Inzell sør i Tyskland den siste tida. I helga blei det arrangert løp kor Sverre viste at han har planar om å bli farleg denne sesongen.

– Han vann 5000 meteren der kun Kramer, Bergsma og nokre russarar mangla på startstreken. Sverre gjekk inn på 6.17,88 foran Bart Swings på 6.19,86.

– Norske supportarar som såg løpet melder om ein råsterk Sverre som såg ut til å hygge seg på isen, fortel Halvor Lauvstad, generalsekretær i Skøyteforbundet.

Det var ikkje berre på 5000 meter Sverre viste at formen er god. Han gjekk dei tre andre distansane på 1.10,33 (1000 m), 36,89 (500 m) og 1.46,59 (1500 m).

God treningssommar

Via Laupstad har Midtsiden fått tilgang på ein video kor vi ser noko av det Sverre har helde på med i sommar for å bygga opp formen. Du kan jo freiste å gjere det same sjølv neste gong du står på tredemølla.

– Sverre har hatt ein meget god treningssommar og er i rute fram mot tvekampen med Sven Kramer i VM i Vikingskipet 4. og 5. mars neste år.

Filmen er tatt av Jarle Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.