Lokal | 20. sep. 2010

Slit med skit

BiR og Fretex sitt returpunkt på AMFI Os har blitt eit problemområde. Folk som bur i nærleiken fryktar at bosset kan føra til rotteproblem.

Slit med skit
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. sep. 2010 13:35

Ei kvinne som bur i Gudrihaugen har tipsa Midtsiden om avfallsproblem på AMFI Os. Rundt returpunktet mellom senteret og busshaldeplassen flyt det med matavfall trass i at det ikkje er konteinarar for restavfall på denne plassen.

- I periodar er dette eit problem for oss, og vi er sjølv ute for å rydda av og til, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

- Å setja frå seg avfall er forbode, dette er å mata kråker, mus og rotter. Vi vil i dialog med senterleiinga vurdera ulike tiltak, eit av dei kan vera å flytta returpunktet til ein meir synleg plass på tomta, seier informasjonskonsulent Tina Skudal hos BiR.

Bleier og mat
Etter ein telefon til sjåførane på Os kan Skudal opplysa om at også dei som hentar bosset ser på dette returpunktet som eit problemområde.

- Plast blir henta kvar tysdag, papir og papp tysdag og av og til om fredagen i tillegg. Det som er synd er at problemet med restavfall er så stort at nokre av dei tilsette med jamne mellomrom må ta turen ned med bossbilen for å rydda rundt returpunktet.

Bleier, emballasje og mat ligg i dag strødd rundt konteinarane.

Fullt hos Fretex?
Saman med BiR sine konteinarar for glas, metall, plast og papp har Fretex tre konteinarar for levering av klede, leikar og andre varer folk vil gje frå seg.

- Vi er veldig glade for at folk vil gje, og eg meiner vi har ein grei frekvens på henting frå dei ulike stasjonane våre, seier marknadssjef i Fretex Vest-Norge, Jan-Erik Knudsen.

- Men av og til er det fullt og av og til ser det ut som om det er fullt. Ein del kjem nemleg med varene i for store sekkar. Når dei ikkje får desse inn i konteinaren kiler sekken seg fast eller eller dei set den på utsida. Og då kan det dessverre vera lett for at nokon byrjar å rota i sekkane.

Knudsen ber folk pakka i mindre posar, eventuelt deler innhaldet i sekken i to og kastar noko av det laust inn i konteinaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.