Sport | 14. jan. 2011

Slit, men er optimistisk

Øystein Engevik er halvvegs i kvalifiseringa til Asiatouren og ligg på delt 27. plass, 6 slag bak målet om topp 11.

Slit, men er optimistisk
Andris Hamrefredag 14. jan. 2011 09:56

Øystein Engevik spelar disse dagane kvalifisering til Asiatouren på Springfield golfklubb i Hua Hin, Thailand.

På dei to første rundene har han brukt 76 og 77 slag, noko som gjer at han ligg 9 slag over par og på ein delt 27. plass. Berre dei 11 beste kjem vidare frå kvalifiseringa.

- Slik det ser ut no må eg ned på maks 3 over par for å klare kvalifiseringa, seier Øystein Engevik.

Tung dag på jobb
På første runden merka Øystein at det hadde vore lenge sidan han hadde spelt turnering og nervane slo litt inn.

- Eg gjorde eindel slag eg ikkje er stolt av, men kjempa på og kom meg rundt fire slag over par.

- På dei siste ni hola flaut det betre og eg gjekk ein under par, skriv han i bloggen sin.

Torsdag gjekk det tråare. Øystein skriv at han gav seg sjølv greie birdiesjansar på dei første hola, men det ville seg ikkje.

- Eg gjekk og stanga heile vegen utan å få hol på byllen.

Det å ikkje få nokre birdies beskriv han som tungt. Runda enda fem slag over par etter mellom anna slag i vannhinder.

Legg om spelet
Sjølv om han no ligg 6 slag bak det han trur blir grensa for å koma vidare held han motet oppe.

- Eg må heva spelet mitt. No blir det pinseekers og einputtar som gjeld, avsluttar Øystein Engevik som i bloggen lovar å lage fleire birdies på den tredje runda.

Han gjekk ut på den tredje runda kl 05.30 (norsk tid) i morges.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.