Lokal | 12. feb. 2019

Slitne dekk, dårlege lys og utgått førarkort

Vegvesenet med 9 reaksjonar under kontroll på Halhjem og Os.

Slitne dekk, dårlege lys og utgått førarkort
Statens vegvesen hadde kontroll to stadar i Os søndag kveld. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. feb. 2019 10:05

Søndag kveld hadde Statens vegvesen trafikkontroll på Haljem og i Os.

Det blei stoppa 31 køyretøy, frå tungtrafikk til moped. 24 av desse blei valt ut til grundigare kontroll, fortel Roald Berentsen i sin rapport frå dei to kontrollane.

Dekk og lys

To køyretøy fekk mangellapp grunna feil på lys, ein lastebil fekk teknisk mangel for å ha lys hengande under spegla og ein moped fekk mangellapp grunna manglande spegl og feil på lys.

Éin sjåfør fekk to gebyr, kvart av dei på 750 kroner, for å køyra med to dekk med for lite mønsterdjupne.

I tillegg fekk eit køyretøy teknisk mangel grunna feil med lås på konteinar.

Førar og firma blei meldt til politiet

Ein av dei som blei kontrollert blei meldt til politiet.

Årsaka er at han ikkje hadde fornya førarkortet, og dermed køyrde bil utan gyldig førarkort.

Eit firma blei meldt til politiet fordi fartsskrivaren i lastebilen ikkje lenger er godkjend.

Vegvesenet kontrollerte seks førarar for køyre- og kviletid. Éin av dei fekk skriftleg åtvaring for brot på reglane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.