Sport | 06. okt. 2019

Slo botnlaget 8-0

Lysekloster tok nok ein komfortabel siger - denne gong med to debutantar på banen.

Slo botnlaget 8-0
Kristoffer Orrebakken og Noah Fosså debuterte for Lysekloster i gårsdagens 8-0-siger. (Foto: Lysekloster il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. okt. 2019 07:27

Lysekloster spelte borte mot botnlaget Valdres laurdag ettermiddag. Valdres, som har skåra 10 mål og sleppt inn 170 på 23 kampar, står med 1 siger og 22 tap.

På heimebane tok Lysekloster den mest suverene sigeren nokon har hatt over Valdres i år, 19-0.

I går blei det ikkje tosifra.

Valdres - Lysekloster 0-8 (0-4)
Tropp og kampfakta på fotball.no

Simen A. Næss skåra 4 mål, Eskild Båsen 2. Martin Pedersen og Even Hepsøe hadde eitt kvar.

Dei unge, lokale spelarane Noah Fosså og Kristoffer Orrebakken fekk debuten sin i gårsdagens kamp.

Seks poeng frå toppen

Lysekloster ligg no på 3. plass på tabellen, 6 poeng bak Vard Haugesund, 3 poeng bak Djerv 1919 og 4 poeng framfor Fana på 4. plass.

Toppskårar i avdelinga, Simen August Næss, er no oppe i 29 mål.

Dette er dei tre neste og siste kampane for sesongen:
13/10: Lysekloster - Brann 2
19/10: Strømsgodset 2 - Lysekloster
26/10: Lysekloster - Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.