Lokal | 01. feb. 2020

Slo etter bilar og la på svøm

Politiet rykte ut til Røykens rundt midnatt.

Slo etter bilar og la på svøm
Etter å ha laga trøbbel i trafikken, la mannen på svøm i Røykenesvatnet. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. feb. 2020 08:29

Rundt midnatt natt til lauradg fekk politiet melding om ein mann som gjekk i vegbanen på E39 Byvegen på Røykenes.

– Mannen skal ha stoppa bilar og slått på dei bilane som stoppa, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Før politiet kom fram la mannen på svøm i Røykenesvatnet.

– Heldigvis kom mannen på land igjen rett etter at patruljen kom fram.

Vedkomande, ein mann i 30-åra frå Os, blei tatt hand om av helsepersonell og køyrd til Haukeland i ambulanse.

Han er meldt for ordensforstyrrelse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.