Slo Fotlandsvåg
Etter ein treig start reiste volleyballdamene til Søre Neset seg og vann enkelt 3-1.
Tysdag spelte Søre Neset borte mot Fotlandsvåg frå Osterøy. Etter to tap, var det eit revansjelysten lag reiste nordover.
– Vi mangla fleire spelarar til denne kampen og bestemte oss for å legga vekk det nye systemet vi prøver å få spelt inn.
– Det viste seg å ikkje vera heilt enkelt å skulle gå tilbake til slik vi spelte før sånn heilt utan vidare.
- Første settet blei difor prega av mykje rot og mange feil, noko som gjorde at vi tapte det, fortel trenar Morten Asphaug.
Reiste seg
Etter å ha fått snakka samen mellom dei to første setta og tatt nokre grep reiste Søre Neset-spelarane seg meisterleg.
– Andre og tredje settet vinn vi utan problem.
– Jentene tok ansvar, gjorde mindre feil og lot ikkje Osterøy-laget få moglegheiten til å angripa.
Ville vinna med 10
Fjerde sett bestemmer jentene seg for at dei vil vinna med minst 10 poeng.
– Det gjekk ikkje. Vi vann settet, men det blei jamnare enn vi hadde ønskt.
– Totalt sett så var det ein roleg, og litt slapp kamp får vår side. Vi kan mykje betre, det positive er jo måten jentene reiser seg på og tek sigeren.
– Kjekt var det òg å ha spelarar tilbake etter langtidsskader, avsluttar Asphaug.