Sport | 01. juni 2009

Slo Odda

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. juni 2009 16:39

Odda har tapt fire av fire bortekampar til no denne sesongen, men på heimebane har dei ikkje tapt sidan våren 2008. I dag fekk dei Os på besøk.

- Dei la seg bak og venta. Vi styrte heile kampen og burde kanskje skåra meir, men eg er nøgd med gutane i dag, seier trenar Frank Hellevik.

Os tok leiinga 28 minutt ut i første omgang. Odda utlikna i 52. minutt, men så tok Os leiinga igjen i 70. minutt. Kampens siste mål var også Os sitt, 3-1 i 79. minutt.

- Vegard Leikvoll Moberg sette kontrollert inn 1-0 frå 20 meter. Dette med ikkje alltid å knusa til frå litt avstand, men ta seg tid til å sjå kvar keeper står, er noko vi har snakka om. Då Tim la igjen til Vegard var det nettopp det han gjorde, plasserte ballen fint i eine sida, fortel Hellevik.

Ingen tabbe
Utlikninga kom på det einaste skotet Odda hadde på Os-målet. Halvard Enes var på ballen, eit skot etter eit innlegg som ikkje blei klartert skikkeleg, men klarte ikkje å redda.

- Det var ingen tabbe, men om Halvard hadde hatt meir å gjera denne kampen så hadde nok dette vore ein ball han ville tatt, trur trenaren.

Tok leiinga igjen
Tim spelte seg fri på kant og la inn til innbytar Preben Borgen, som sentra til Torkel, som igjen putta på stang inn.

Også 3-1-skåringa var Tim involvert i, men denne var det kaptein Stian Lunde som sette i mål.

Os sitt lag (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per S. Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik, Torkel Hjertnes, Andreas Bjørnen og Tim Henrik Sperrevik.

Byte: Preben Borgen for Valvik (57), Erik Kanestrøm for Bjørnen (75) og Christer Olsen for Hjertnes (83).

Os sin neste kamp er på heimebane mot Djerv måndag 8. juni klokka 19.00.
Os blir trass i sigeren verande på 2. plass på tabellen, sidan Tertnes slo Trio 9-0 i dag.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.