Brann og beredskap | 03. jan. 2022

Sløkte brann i bustad på Lekven

Ingen blei alvorleg skadd då det braut ut brann i ein fleirmannsbustad i natt.

Sløkte brann i bustad på Lekven
(Arkivfoto/ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. jan. 2022 08:07

Rundt klokka 23.55 søndag kveld kom det melding om brann i ein bustad på Lekven.

– Det var tett røyk i kjellarleilegheita og opne flammar då røykdykkarane tok seg inn på badet, fortel Martin Østgulen Svendsen frå Bjørnafjorden brann og redning.

Sløkkearbeidet gjekk greit, klokka 00.44 blei det meldt at dei hadde kontroll på brannen.

– Vi brukte ein del tid etterpå til etterkontroll og utlufting.

Fleire personar til legevakt

Også ambulanse og politi rykte ut.

– Alle som bur i dei ulike etasjane hadde kome seg ut. Ingen var alvorleg skadd, men fleire var til legevakt for sjekk, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Det ser ut som om brannen starta i ein tørketrommel. Politiet har oppretta sak.

Måtte overnatta ein annan stad

Kjellaretasjen var ikkje mogleg å bu i etter brannen, men dei som bur i hovudetasjen kunne overnatta i huset.

Brannvesenet gav seg på staden i 03-03.30-tida. Då var saneringsselskapet på plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.