Brann og beredskap | 24. des. 2021

På veg for å hjelpa hund ned frå fjellhylle

Spesialgruppe frå Fana rykker ut til Hatvik.

På veg for å hjelpa hund ned frå fjellhylle
Fana brannstasjon si spesialgruppe på øving med Os brannvesen i 2014. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. des. 2021 15:40

Julaftan i 16.15-tida fekk 110-sentralen melding om ein hund som står fast i vanskeleg terreng i Os.

– Hunden står fast i ein fjellskråning. USAR-gruppa frå Fana brannstasjon rykker ut, opplyser 110-sentralen.

Brannsjef Eivind Hovden fortel at hunden er i området Berge/Hatvik.

– Terrenget er skildra som så vanskeleg at spesialgruppa frå Fana blei sendt på direkten. Dei er gode på denne typen oppdrag.

– Hunden er eit stykke frå bilveg, så det hadde ikkje noko for seg at vi først gjekk på synfaring.

Hovden fortel om ei elles roleg jul for brannvesenet så langt.

OPPDATERT:

Klokka 17.23 meldte 110-sentralen at redningsmannskap hadde tatt seg fram til der hunden var, og skulle snart klatra ned.

Klokka 18.30 meldte USAR-gruppa at hunden var i god stand og levert til eigar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.