Sport | 25. mai 2009

Sløste med sjansane

Os 2 tok leiinga eitt minutt ut i kampen, men var ikkje effektive nok til å slå serieleiar Øygard.

Sløste med sjansane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. mai 2009 21:56

- Etter skåringa hadde vi ein haug med store sjansar, men når vi ikkje er meir effektive enn dette så vinn vi dessverre heller ikkje jamne kampar, seier trenar Tore Nielsen.

Han er godt nøgd med spelet, særleg med Vegard Leikvoll Moberg og Erik Kanestrøm på sentral midtbane. Men han er skuffa over at Os 2 ikkje vann på heimebane måndag kveld.

Leia til pause
Os tok leiinga ved skåring av Ramo Racic heilt i starten av kampen. Erik Kanestrøm sentra til Christer Olsen, som sendte Ramo gjennom.

- Vi kunne ha leia 4-0 etter 15 minutt, men heada rett på keeper frå to meter og feila åleine med keeper, fortel Nielsen.

Os gjekk til pause med 1-0-leiing.

Tok alle poenga
Tre minutt ut i andre omgang klarte Øygard å utlikna. Øygard pressa på i starten av omgangen, men Os fekk overtaket igjen.

- Det blei produsert ein del bra sjansar i andre omgang òg, men framleis sleit vi med å få ballen i mål. Derfor var det irriterande at Øygard før slutt klarte å snika inn ein ball på Kjetil sin kortaste stolpe.

Kampen enda med 1-2-tap for laget Os 2 låg eitt poeng over før sjette runde.

SJÅ TABELL

Desse spelte frå start for Os 2 i kveld (4-4-2): Kjetil Hansen, Anders Glesnes, Dani Bergstø, Vegard Borgen, Mats Lepsøe, Aleksander Lindkvist, Erik Kanestrøm, Vegard Leikvoll Moberg, Christian Almeland, Ramo Racic og Christer Olsen.

Byte: Kristoffer Sande inn for Lindkvist, Espen Kopperud inn for Racic.

Neste kamp er også på heimebane, mot NHH fredag klokka 19.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.