Lokal | 02. juni 2010

Sløv sparekniv?

Første tertialrapport 2010, og særleg rådmannen si formulering, fekk formannskapet til å stilla spørsmål om leiarane i Os kommune.

Sløv sparekniv?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. juni 2010 12:42

«Rådmannen er uroa for om alle delar av organisasjonen har evne og vilje til å sette tæring etter næring,
dvs halde sine budsjettrammer.»

Slik startar innleiinga på årets første tertialrapport, ei formulering og eit innhald som fleire representantar i formannskapet ba om å få forklart under møtet i går.

- Eg blir heilt sett ut av dette. Er rådmannen uroa for alle delar av organisasjonen, har han ikkje sjølv kontroll som leiar, er dette eit rop om hjelp til oss politikarar eller skal det tolkast som eit signal til enkelte tilsette? spurte Laila Reiertsen (Frp).

- Er innsparingsplanen Frp/H kom med i februar urealistisk? Klarer vi å levera gode nok tenester innanfor dei nye rammene, undrast Eirik Neverdal (TvS).

Ekstra uroleg
I januar varsla rådmann Knut Terje Rekve eit tøft driftsår for Os kommune. Inntektssvikt, blant anna grunna nedgang i skatteinntekter, gjev stygge tal for 2009 og for 2010 ser det ikkje betre ut.

I februar blei ein innsparingsplan vedtatt, med frist 30. juni i år, men rådmannen ser ikkje nok betring ute i einingane.

- Nokre rapporterer veldig punktleg, andre ikkje. Vi hadde nyleg ei leiarsamling der vi hadde fokus på dette, og brukte dei som får det til som gode eksempel for dei andre.

- Det som gjer meg ekstra uroleg er at det i kommuneproposisjonen frå staten ikkje er meir å henta neste år. Driv vi med underskot i år kan vi risikera å slita med det ut eit magert 2011, sa Rekve.

I rute?
Espen Aspenes (Frp) stilte spørsmål om administrasjonen er i rute, og foreslo å legga til eit punkt 5 i innstillinga til vedtak, der kommunestyret skal be om ein detaljert oversikt over korleis det ligg an i kvar eining.

- Vi må veta om vi er i rute eller ikkje.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) minna om at tertialrapporten berre inneheld tal frå januar til april, og at det i denne er litt tidleg å sjå korleis dei ulike klarer å spara.

- Men det er klart at når vi ber om så klare innsparingar så ventar vi ein effekt, sa Søviknes, og støtta Aspenes sitt forslag, noko også resten av formannskapet gjorde.

Skulenedlegging og eigedomsskatt?
Skule er sentral i nedskjæringane, og Neverdal spurte om Frp no var klare til å gå i debatt om skulestrukturen i Os.

- Kan det bli snakk om nedlegging, eller kanskje eigedomsskatt?

- Frp og Høgre har gått til val på at krinsskulane skal bestå. Eigedomsskatt treng du ikkje spørja om ein gong. Men du kan jo koma med nokre forslag, så skal vi alltids stemma dei ned, svarte Aspenes.

Helse tar tid
Etter politikarane var det kommunalsjefane sin tur. Nils Petter Borge, sjef for helse- og sosialtenester, fortalte om fleire iverksette tiltak, men også om tidkrevjande prosess.

- Det er gjort mykje bra arbeid i ulike avdelingar, med nedlegging og samanslåing, men dette handlar om folk, ikkje spiker og skruer. Vi treng litt tid for å koma i mål.

Utan pengar til vedlikehald og drift
Haldor Fosse, sjef for tekniske område og eigedom, er tom for pengar og med behov for både fleire midlar og utvida mannskap.

- Auka brøyteutgifter i vinter gjer at vi ikkje kan noko anna enn å prøva å vera kreativ. Det monnar svært lite, men er med på å pynta på tala.

- Vedlikehald på kommunale bygningar kan vi berre gløyma. Det er faktisk ikkje midlar til drift heller, som lovpålagt sjekk av elektrisk anlegg i barnehagar og skular.

I tillegg ba Fosse om å få tilsetja ein jurist, og om å få ein person i 50 prosent stilling til sakshandsaming.

- Nye forskrifter gjer at sakshandsaminga tar endå lengre tid, slik er det dessverre når staten skal «forenkla» ting. Dette gjeld byggesaker og snart også oppmåling.

Dei billigaste er best
Ingvar Torsvik, sjef for oppvekst og kultur, viste korleis Os kommune no må bruka endå færre kroner per elev enn før.

- I fjor dreiv vi 10 millionar kroner dyrare enn det vi hadde budsjett til, i år skal vi spara 10 millionar kroner. Hadde vi drive som budsjettert i fjor så hadde vi lagt på snittet, rundt 62.000 kroner, no må vi ned frå 67.000 til 59.000 per elev.

- Følgjer vi det som er lovpålagt, lurte Norvald Skåtøy (Ap) på?

- Kor lang er ein strikk, spurte Torsvik tilbake, før han la til: Vi kan kryssa av for at vi gjer det eine og andre som er lovpålagt, og ta av undervisingskronene per elev i den andre enden, poenget er at når vi har slike nedskjæringar så må vi prioritera det å læra ungane å lesa. Epleskrottane må venta.

Torsvik la til at det er dei skulane som bruker færrast kroner per elev som har dei flinkaste elevane. Skulane som held seg innanfor rammene og rapporterer presis går også igjen som dei med elevar som presterer best på nasjonale prøver.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.