Korona | 13. sep. 2021

Slutt for lokale smittevernsreglar

Set skular og barnehagar tilbake til grønt nivå.

Slutt for lokale smittevernsreglar
Kommuneoverlege Klaus Melf og ordførar Trine Lindborg. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. sep. 2021 10:36

Frå og med midnatt natt til tysdag 14. september er det ingen lokale smitteverntiltak eller reglar i Bjørnafjorden kommune.

Det har kommunal kriseleiing bestemt imøte i dag.

– Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune har i samråd med kommuneoverlegen vedtatt å innføre grønt nivå ved alle barnehagar og skular i kommunen, opplyser dei på heimesida.

Hernes er sjølv lærar og mor til to elevar i grunnskulen. (Ill. foto, Os ungdomsskule: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògGult nivå kostar!

Dei har også beslutta å ikkje forlenga den lokale forskrifta om smittekarantene.

Dette betyr at jamleg testing i dei fleste tilfelle kan erstatte smittekarantene for denne gruppa.

Nesten fire veker med lokal forskrift

9. august kom lokale anbefalingar, 14. august blei det innført gult nivå på vidaregåande skular etter høgt smittetrykk i starten på august.

Så, onsdag 18.august, blei det innført to lokale tiltak som seinare har blitt forlenga to gongar, det siste til ut dagen i dag.

No har smitten gått frå 35 smitta i veke 33 til 17 smitta i veke 35 og berre 1 smitta i veke 36 (førre veke).

Lurer du på kva reglar som gjeld no? Her er dei nasjonale reglane og anbefalingane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.