Sport | 13. okt. 2009

Smakte på 2. divisjon

Tysdag kveld spelte Os treningskamp mot Fyllingen. - Vi er klare for nivået, seier Frank Hellevik.

Smakte på 2. divisjon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. okt. 2009 20:28

Laurdag avsluttar Os serien på heimebane med toppkamp mot Tertnes, sundag spelar Os 2 om opprykk til 3. divisjon, helga etter kjempar A-laget om opprykk på bortebane. Men i kveld fekk dei smaka på nivået i 2. divisjon, på bortebane mot Fyllingen.

- Eg ville at vi skulle få kjenna på tempoet, og det var godt å sjå at vi lett justerte opp. Fyllingen er gode på å halda på ballen, noko som gjorde at vi måtte flytta oss raskt og rett, seier Frank Hellevik.

Laga spelte tre omgangar, kvar på 20 minutt. Kampen enda 1-1.

- Vi var best og burde vunne. Tim Henrik Sperrevik sørgja for 0-1-leiing i andre periode, medan Fyllingen fekk straffe i tredje periode.

Halvard Enes redda straffen, men Fyllingen sette inn returen. Straffen kom etter at Anders Glesnes stoppa eiin Fyllingen-spelar litt for effektivt innanfor 16-meteren. Tim si skåring var med hovudet, etter at Einar Algrøy vann duellen om ein Os-corner.

Nesten reelt laguttak
I kveldens kamp fekk også Hellevik og resten av trenarteamet sjå nærmare på korleis dei skal setja opp startellevaren når alvoret byrjar.

Desse spelte 1. periode: Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik, Stian Lunde, Christian Almeland, Ramo Racic og Torkel Hjertnes.
I 2. peridode tok Tim Henrik Sperrevik Racic sin plass.
I 3. periode spelte Halvard Enes, Anders Glesnes, Vegard Borgen, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Stian Lunde, Torkel Hjertnes, Christer Olsen, Tim Henrik Sperrevik og Ramo Racic.

Preben Borgen er skadd og Frode Buvik var opptatt.

Ut frå kveldens oppsett og tidlegare laguttak ser det ut som om midtstopparane og venstre back er spikra. Anders Glesnes og Baste Jonassen blir nok begge vurderte som høgre back, sjølv om ikkje unge Jonassen var med i dag.
Tim startar nok uansett som spiss om ikkje han blir skadd, like sikker er nok Torkel som høgre kant.

Midtbanen er det meir kamp om, kaptein Stian Lunde blir vanskeleg å unngå, medan Tore Valvik, Frode Buvik, Vegard Leikvoll Moberg og Preben Borgen kjempar om dei to siste plassane.

I tillegg står dei gode ungdomane Erik Kanestrøm (midtbane/kant) og Mats Lepsøe (forsvar/kant) klare.

- Ingenting er bestemt, men det stemmer at kampen om plass er hardast på midtbanen, seier Hellevik.

Om løysinga med tre spissar på topp i 3. periode i dag, seier han at det var ein test for å sjå korleis det fungerte, dersom det skulle bli behov for å setja inn ein offensiv.

- Det fungerte bra framover, men vi blei litt svekka bakover.

Éin baklengssesong på éin kamp
Avdelingsvinnar i årets 2. divisjon avdeling 3 er avgjort, Sandnes Ulf sikra opprykk med 11-0-siger over Nest-Sotra. Dette er like mange baklengsmål på éin kamp som Os har hatt på alle sine 21 kampar til no i år.

Laget som skaut Os ned i 3. divisjon i sesongens siste kamp i fjor har gjort det nest best blant laga frå Hordaland i år. Utan at det er særleg bra, på dei seks siste plassane finn vi fire av dei fem laga frå Hordaland i divisjonen.

Slik ligg laga frå Hordaland på tabellen før dei to siste rundane:
5. plass: Åsane, med 43 poeng.
9. plass: Nest Sotra, med 28 poeng.
10. Fyllingen, med 27 poeng.
11. Stord (som rykte opp ved å slå Brann 2 i fjorårets kvalik) med 26 poeng.
12. Fana, med 24 poeng.

Os rykte ned med 30 poeng i fjor ...

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.