Korona | 28. mai 2021

Smitte på legekontor

Stenger dørene og kontaktar pasientar og andre besøkande.

Smitte på legekontor
Bjørnafjorden rådhus. Det aktuelle legekontoret er ikkje på rådhuset. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. mai 2021 09:32

Torsdag var det eit nytt smittetilfelle då ein fullvaksinert tilsett ved Luranetunet testa positivt for covid-19, i dag har vi fått tips om smitte på eit legekontor.

– Det kjem informasjon etter klokka 12, svarer kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Stende Bjaadal.

Men rett før 11.30 blir detstadfesta.

– Ein fullvaksinert tilsett ved eit legekontor har i dag fått påvist covid-19.

Alle pasientar som har vore innom i tidsrommet den tilsette kan ha vore smitteførande, blir kontakta av legekontoret.

– Den smitta er fullvaksinert. Legekontoret held stengt i dag, fredag, og opnar att på måndag.

Kontoret har, etter det Midtsiden kjenner til, over ti tilsette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.